Noreg felt i Efta-domstolen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Domstolen i Luxembourg meiner det har vore for høge nivå av skadeleg forureining både på Austlandet, Vestlandet og i Midt-Noreg. «Noreg har ikkje innfridd forpliktingane sine», heiter det i rettsavgjerda.

LES OGSÅ: Luftforureining krev millionar av liv årleg

Klaga inn i desember
Noreg vart klaga inn for domstolen i desember for brot på EUs direktiv for luftkvalitet. Noreg pliktar å følgje desse reglene gjennom EØS-avtalen. Det er Eftas vaktbikkje ESA som står bak klagen på grunn av for høge nivå av svevestøv, nitrogendioksid og svoveldioksid i fleire byar og tettstader.

Noreg har sett i verk tiltak for å få bukt med forureininga, men ESA meiner det ikkje går fort nok og skuldar styresmaktene for sommel.