Pegida-grunnleggjar tiltalt for hatytringar
Lutz Bachman, grunnleggjaren av den innvandringskritiske organisasjonen Pegida, er tiltalt for å ha skrive hatytringar mot migrantar og asylsøkjarar på Facebook-sida si.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Bachmann har blant anna omtalt migrantar og flyktningar som «dyr», «søppel» og «skittent avskum». Innlegga vart skrivne i januar i år, på eit tidspunkt då organisasjonen hadde stor merksemd både blant folk og i europeiske medium.
LES OGSÅ: Moxnes til Pegida: – De er likare jihadistane enn de trur
Skapte splittingar
Innlegga til 42-åringen bidrog derimot også til splittingar innanfor Pegida.
Bachmann grunnla Pegida for eitt år sidan, og organisasjonen fekk raskt greiner i andre land, blant anna i Noreg.