Trur krigen i Syria vil vare lenge

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Borgarkrigen i Syria vil halde fram om lag som i dag i mange år framover, meiner Helge Lurås ved Senter for strategisk analyse.

Han meiner ekstremistgruppa Den islamske staten (IS) er kommen for å bli.

– Det finst ingen truverdige løysingar for korleis dei kan nedkjempast. Og ingen er interesserte i å setje inn dei ressursane som trengst, fastslår Lurås overfor NTB.

Signal
Syria har sigld opp som det viktigaste temaet på FN-toppmøtet denne veka. Både USAs president Barack Obama og Russlands Vladimir Putin hadde Syria på topp i sine talar til FNs hovudforsamling måndag, og begge har gjeve signal om eit militært samarbeid i kampen mot IS.

Dei to landa skal blant anna ha blitt samde om ein militær dialog om operasjonar i Syria og skal også ha diskutert å dele etterretning med kvarandre.

Ifølgje USAs utanriksminister John Kerry er dei også blitt samde om fleire grunnprinsipp for korleis dei skal handtere Syria-krisen.

Tysdag heldt Obama eit eige møte om kampen mot IS for over 100 statsleiarar, der òg statsminister Erna Solberg deltok, medan Russland arrangerte eit møte i FNs tryggingsråd om same tema onsdag.

LES OGSÅ: Mot flyktningstraumen

Lite skjedd
Men trass i mykje aktivitet har lite faktisk skjedd, påpeiker Lurås.

– Den mest betydelege endringa i augneblinken er at Russland har forplikta seg til å hindre at Bashar al-Assads regime i Syria fell. For USA er problemet at dei ikkje har noka truverdig løysing å komme med, seier han

Midtausten-forskar Kai Kverme meiner òg Obama har forsvinnande små moglegheiter til både å fjerne Assad og oppfylle sitt løfte om å knuse IS, slik han lovde på FN-toppmøtet i fjor.

– Alt USA har gjort i Syria er ein katastrofe. Amerikanarane har ikkje bidrege med noka verdas ting, anna enn å springe frå sine egne løfter, seier Kverme til NTB.

Forankring
USA og Russland er først og fremst ueinige om kva som bør skje med Syrias president Bashar al-Assad. Medan Obama meiner Assad må gå, hevdar Putin det vil vere ein «enorm feil» ikkje å samarbeide med den syriske regjeringa og dens militære styrkjer i kampen mot IS.

Men for å få bukt med IS må kampen vere forankra i breie lag av den syriske befolkninga, hevdar Kverme.

– Og for store delar av folket er kampen mot IS og kampen mot Assad same sak.

Det same understrekar professor og Midtausten-ekspert Ziad Majed overfor fagbladet Bistandsaktuelt.

– Dei einaste som har kraft til å nedkjempe IS, er opposisjonsstyrkane. Men dei vil ikkje gjere det så lenge Assad sitter med makta, seier han.

LES OGSÅ: Ungdom krev handling i Syria-krisa

Forhandlingskort
Kverme meiner at Russland først og fremst er oppteken av å avgrense Iran si påverknad i regionen.

– Det som er problemet, er at Russland vil halde oppe status quo i Syria, medan USA fullstendig manglar ein strategi, seier han.

Lurås meiner derimot at USA og Russland er i ferd med å nærme seg kvarandre.

– Det er ein prosess i gang av koordinering mellom USA og Russland. Eg trur ikkje vi skal forvente noka open erklæring, men i staden at det i praksis vil skje ein langsam militær koordinering på bakken, seier han. (©NPK)

LES OGSÅ: Kva er eigentleg IS?

Les meir om Syria-krisa her!