Widvey: UiO må fullføre Norsk Ordbok

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Widvey med krav til UiO

Mens påtroppande språkdirektør og prosjektleiar Åse Wetås saman med dei fem medarbeidarane ho har igjen i Norsk Ordbok i haust gjer ferdig siste bindet av det store oppslagsverket Norsk Ordbok, vil ikkje UiO lage brukarrettleiinga til verket. I eit brev til Kulturdepartementet skriv universitetet no at dei ikkje har bemanning til det.

Rettleiinga har dei før søkt om ekstra pengar til å lage, og departementet har løyvd 400.000 kroner til føremålet.

– Sidan dette prosjektet vart sett i gang i 2002, har det kosta staten utruleg mange pengar. Det er sterkt beklageleg at universitetet ikkje ser seg i stand til å prioritere arbeidet med ei brukarrettleiing heilt i sluttfasen, seier Thorhild Widvey (H) til Klassekampen.

Om ikkje universitetet kan klare dette sjølv, må dei finne andre som kan gjere det innan årsskiftet, krev kulturministeren.

LES OGSÅ: Tilsette i Norsk Ordbok går til sak mot UiO

– Småleg
Det komplette tolvbindsverket med 300.000 norske dialektord og nynorskord skal lanserast i mars neste år, har kosta 130 millionar kroner å fullføre, men manglar altså ei brukarrettleiing.

Hovudredaktør for Norsk Ordbok Oddrun Grønvik synest UiO er smålege som ikkje vil lage brukarrettleiinga.

– Dette er ein type oppslagsverk på nett som vi ikkje har hatt maken til i Noreg før. Norsk Ordbok blir så uendeleg mykje rikare og komplekst enn tidlegare ordbøker med detaljerte opplysningskategoriar og kjeldetilvisingar som krev rettleiing, seier Grønvik til avisa.

LES OGSÅ: Skisse til løysing for språksamlingane og Norsk Ordbok

– Utanfor oppdraget
Leiar Kristian Emil Kristoffersen ved Institutt for lingvistikk og nordiske studium, som driv ordboksprosjektet, lover å gjere ferdig papirversjonen av Norsk Ordbok innan utgangen av året, som avtalt, men meiner ei separat rettleiing aldri har vore ein del av oppdraget.

– Det er mykje som har endra seg sidan vi søkte om desse pengane. Vi har måtta gjere ei fortløpande vurdering av kva ressursar vi har til rådvelde, seier Kristoffersen.

Universitetet i Oslo sa i fjor frå seg ansvaret for ordboksprosjektet fordi dei heller ville reindyrke ambisjonen om å bli eit internasjonalt toppuniversitet. Når det tolvte bindet er ferdig, er framleis berre ein del av dei 300.000 oppslagsorda digitaliserte og søkbare på nett. Så langt har det ikkje lykkast å få til ei vidareføring av prosjektet i eit anna fagmiljø. (©NPK)

LES OGSÅ: Styreleiar for Norsk Ordbok går i protest