– Eg skal tilbake til Lesvos!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

Sist veke skreiv Kvinnheringen om Chanel Strand frå Husnes, som 20. september reiste til den greske øya Levsos. Ho reiste med fulle koffertar saman med ei venninne for å bidra på øya, der dei fleste flyktningane kjem i land. Sidan den tid har Chanel vore med på å ta imot over 1.000 flyktningar kvar einaste dag. Flyktningar som kjem frå Afghanistan, Irak og Syria.

Då vi snakka med Chanel fredag føremiddag, var ho med på å ta imot den andre båten for dagen, på den stranda ho har vore med på å ha ansvar for. Om bord i båtane er det som regel mellom 50 og 70 personar, i båtar som eigentleg berre har plass til 20. Berre torsdag var Chanel med på å ta imot 15 båtar, og på dei fire strendene på Levsos kom det denne dagen over 3.500 flyktningar. Historiane om at det berre er menn som kjem, er heilt feilaktige, fortel Chanel. Det er like mange barn og ungar som menn, seier ho.

LES OGSÅ: Ungdom krev handling i flyktningkrisa

Tøft
Det har vore ei knalltøff veke fortel kvinnheringen.

– Det er så ufatteleg mange skjebnar. Det er tøffe historiar og menneske som flyktar frå krig og den verste naud. Mange av dei som kjem er høgt utdanna menneske, som før hadde både hus og heim og ein trygg kvardag. No kjem dei med berre ein ryggsekk, for å leita etter fridom og ein betre kvardag, seier Chanel.

Heim
Tysdag reiser Chanel heim, men før den tid er det mange fleire som skal hjelpast. Totalt har ho fått inn 19.000 kroner, og fredag hadde ho brukt 16.000 av dei. Og pengane kjem godt med. Dei har så langt blitt brukt til leige av bil, og innkjøp av mat og vatn. Dei som kjem er svært svoltne og vatn er det stort behov for, fortel Chanel.

Det er ikkje nok frivillige på øya, og Røde Kors finst ikkje, forklarer ho.

– Vi er no 40 norske her, i tillegg til ein del danskar og hollendarar. Vi har meir enn nok å gjera, og det har vore 12 timarsdagar med arbeid heile tida.

– Det er klart at eit slikt opphald gjer mykje med deg som person. Her heime klagar vi på at vi ikkje har det bra nok, ikkje gode nok jobbar og ikkje god nok løn. Men vi har det fantastisk. Dei som flyktar har ingenting, dei kjem frå krig og elendighet. Vi har absolutt moglegheitene til å hjelpa, seier Chanel, som har planar om å reisa ned igjen for å hjelpa.

LES OGSÅ: Vil hjelpa flyktningar i Hellas