Fusjonsflørten i vest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta frå Studvest

I mai 2014 kom oppdraget frå Kunnskapsdepartementet (KD) om strukturendringar i universitets– og høgskulesektoren. Institusjonane skulle komme med innspel, og statsråd Torbjørn Røe Isaksen (H) brukte hausten på å valfarte frå det eine universitets– og høgskulestyret til det andre. Samanslåing av institusjonar låg til grunn, saman med mål om effektiv organisering og betre kvalitet.

Opnar opp igjen
Torsdag kjem styrevedtaket som avgjer om Høgskulen i Bergen (HiB) går i fusjonsutgreiing med høgskulane Haugesund/Stord og Sogn og Fjordane. Som svar på bestillinga frå KD valde HiB å invitere andre høgskular på Vestlandet til å utvikle eit profesjonsuniversitet for landsdelen. Fusjonssamtalane forvitra både i sør og nord, og HiB gjekk i samtalar med Universitetet i Bergen (UiB). Samtalane resulterte i tettare og meir forpliktande samarbeidsavtaler, men ingen fusjon. No opnar HiB igjen opp mot Vestlandshøgskulane.

– Skal vi realisere en fusjon, er det viktig at det står i samsvar med høgskulens ambisjonar om å bli Vestlandets største profesjonsuniversitet innan 2020, seier høgskulerektor Ole-Gunnar Søgnen.

– HiB er i seg sjølv store nok til å oppfylle krava til departementet, og vil kunne oppretthalde det same tilbodet ein har i dag utan å slå seg saman med andre. Men for å nå målet som profesjonsuniversitet er vi avhengige av eit større og meir robust fagmiljø, seier rektoren.

Professor Øystein A. Vangsnes har eit forslag: Eit Ivar Aasen-universitet på Vestlandet?

Stiller spørsmål
Denne veka skal Studentparlamentet på HiB vedta ny politikk rundt fusjonutgreiinga. Parlamentet har vore klare på at dei ønska fusjon med UiB, men då dette blei utelukka, ser dei det naturleg å sjå mot andre høgskular.

– For oss er det viktig at ein stiller spørsmål «kvifor fusjon?» når ein skal vurdere samanslåing. Høgskulane må vere tydeleg på kva målet med fusjon er, og ha tett dialog med studentparlamenta. Den faglege kvaliteten må stå i sentrum og ei eventuell omstilling må ikkje gå ut over studentane, seier leiar i parlamentet, Fredrik Bødtker.

– Det er avgjerande med tid og ressursar for å løyse den vidare utviklinga av studentdemokratiet, når talet på studentar kan auke med 7.500 studentar over natta. Vi har brukt mykje tid på å bygge opp dagens demokrati, og er svært opptatt av at ein fusjon ikkje svekker dette.

Studentparlamentet tek ikkje stilling til om dei er for eller mot fusjon før etter den eventuelle utgreiinga.

– Ei utgreiing vil gi oss moglegheiter til å påverke. Vi har god dialog med leiinga på høgskulen, men er bekymra for det administrative med ei auke i studentmassen. Studentane har nettopp fått hovudet over vatnet etter førre omstilling, då høgskulen flytta saman på Kronstad, og det er ikkje ønskeleg at dei må oppleve dette igjen.

LES OGSÅ: Uviss framtid for høgskulane i vest

Sentrum i vest
– Fusjonsarbeid landet over gjer at det veks fram sterke og store utdanningsinstitusjoner, frå nord til sør, forklarar rektor ved HiB.

–  Det vil vere uheldig for framtida til Vestlandet å stå utan ein slik institusjon. Vi utdannar kvart år fleire hundre studentar frå heile Vestlandet, og no må Bergen oppføre seg som det sentrum det er. Eit nytt profesjonsuniversitet vil, saman med UiB og Universitet i Stavanger, bidra til at heile landsdelen får den kompetente arbeidskrafta den treng, seier Søgnen.

No ventar rektoren spent på klarsignal frå styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Ein veit aldri kva utfallet av ei utgreiing blir. Men for studentane kan dette vere med på å gjere høgskulen meir attraktiv, med eit større tilbod og nasjonal tyngde. Studentane vil nok ikkje merke ein eventuell fusjon med det same. Endringar tek tid og ved samanslåing av relativt like høgskular vil ein raskt bli meir robuste, men den faglege styrkinga kan ta lengre tid, avsluttar Søgnen.

Endeleg resultat?

Kulturdepartementet hadde tidlegare denne månaden eit dialogmøte med institusjonane på Vestlandet.

– Det var eit fruktbart møte der vi såg teikn til beveging, og vi legg opp til vidare prosess for å utgreie grunnlaget for moglege samanslåingar. Eg er glad for at dialog no kan vere i ferd med å føre fram, seier statssekretær Bjørn Haugstad.

Han påpeikar at det er viktig å få til ei løysing for heile vestlandet, der UiB og HiB spelar viktige roller, sjølv om dei i seg sjølv er store nok til å fortsette på eiga hand.

– Eg trur det vil gagne studentar i Bergen og på resten av Vestlandet at fagmiljøa samarbeida tettare, og at det bli ein meir heilheitleg plan bak kva studietilbod som blir tilbudd kor.

LES OGSÅ: Ønskjer lovendring for «Nye NTNU»