mm

Den teknologiske utviklinga har gjort det mogleg for filmskaparane å gjera filmane meir realistiske, også valden. Diskusjonen om valden i film er skadeleg for tilskodaren har lenge vore eit aktuelt tema. Er det farleg med for mykje vald på film? Kan ein bli påverka til å utføre valdelege handlinga sjølv?

Vald skaper reaksjonar som vidare skaper engasjement hjå tilskodar. Valden er med på å gjere filmen spennande og full av action. Patrik Syversen som er regissør av «Rovdyr», fortalte i eit intervju med NRK at vald er eit verkemiddel som blir teke i bruk for å skape kjensler hjå tilskodaren. Å påverke kjenslene til tilskodaren er eit viktig element for å skape ein god film. 
Anne Gjelsvik er ein av dei mest kjente filmforskarane i landet og har mellom anna skrive boka «Vondt og vakkert» der ho tek føre seg vald på film. Nokre av hovudtema ho tek opp er kvifor vald kan vere så kontroversielt og fascinerande på same tid, og kvifor kan visuelle medier bli betrakta som skadeleg?

Jamie Foxx frå Django Unchained.

«Django Unchained» med Jamie Foxx i hovudrolla er ein av Quentin Tarantino-filmane som er kjende for valdsbruken. Men er det så gale? Foto: Columbia Pictures

Vald gir grunnlag til aldersgrense
Mengda vald gir ofte grunnlaget for kva aldersgrense filmen skal ha. Kvifor er det så farleg med vald på film? Det som blir vist på filmen er ikkje ekte, men fiktiv vald. Likevel blir vi som tilskodar engasjert og lever oss inn i handlinga.

Filmskaparane må ofte ta valet om aldersgrense før dei startar med produksjonen av filmen. Dersom dei vel å lage ein film med ungdom over 15 år som målgruppe, kan dei ha mørke scener der dei mellom anna viser store mengder blod. Dersom filmskaparen vil nå ei målgruppe under 15 år må dei vurdere bruken av blod og vald for at filmen skal få ei lågare aldersgrense.

Skjult vald
Kor mykje er det vi eigentleg ser av valden? I filmen «Se7en» får vi aldri sjå kva som er i øskja på slutten, men vi klarar å førestille oss kva som er der. Slike verkemiddel der ein ikkje får sjå noko forferdeleg er med på å la fantasien springe løpsk. Ein førestiller seg det verste ein klarer, utan at ein faktisk får sjå noko. Kanskje er filmane mindre valdelege enn vi trur?  
Den verdskjente regissøren Quentin Tarantino er kjent for sin overdriven bruk av vald i filmar. «Kill Bill» og «Django Unchained» er to døme på dette. I desse filmane sprutar blodet i alle kantar og skaper svært dramatiske og valdelege scener. For at scenene ikkje skal bli for valdelege er det lagt på musikk for å skape ein litt lystigare stemning. Denne kontrasten mellom grov vald og lystig musikk er med på å skape komikk midt opp i det dramatiske, noko som gjer det underhaldande å sjå på vald.

Vald på film er som oftast ein fiktiv representasjon. Tilskodaren forstår at dette ikkje er ekte og klarar å tolke bruken av vald som underhalding. Valden er med på å skape dramatikk og engasjement, men underbevisstheita til tilskodaren veit at dette ikkje er ekte.

LES OGSÅ

ANNONSE