Trente kroppar i sosiale medier kan føra til negativt kroppsbilete.

mm

– Mange legg ut fitspiration-bilete for å inspirera til ein sunnare livsstil, medan resultata viser at det motsette skjer, kommenterer Therese Mathisen, doktorgradsstipendiat ved Norges idrettshøgskole til Bergens Tidende, som først omtala saka.

LES OGSÅ: «Selfies» kan skada sjølvbiletet

I ein australsk studie fekk 130 unge kvinner sjå på bilete på ein skjerm. Nokre såg på såkalla «fitspiration-bilete», av veltrente kroppar, trening og sunn livsstil, medan ei kontrollgruppe fekk sjå reisebilete.

Resultata viste at eksponering for «fitspiration», førte til eit negativt kroppsbilete fordi deltakarane samanlikna seg med andre. Studien syner slik korleis «fitspiration», som er meint å fremja sunn trening og mat, kan ha utilsikta negative konsekvensar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

LES OGSÅ

ANNONSE