Biblioteka satsar for syriske flyktningar

No vert det meir pengar til arabiskspråkleg litteratur i biblioteka.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nasjonalbiblioteket har satt av 100. 000 kroner til å kjøpe bøker på arabisk. Slik skal norske folkebibliotek kunne møte syriske flyktningar med eit tilbod på morsmålet.

Auken i talet på flyktningar frå Syria har ført til akutt mangel på arabiskspråkleg litteratur i Det fleirspråklege biblioteket, ifølgje ei pressemelding.

LES OGSÅ: Fleire går på biblioteket

– For mange flyktningar er bibioteka det første offentlege rommet dei vert kjende med i Noreg. Tryggleiken i å finne litteratur på sitt eige språk, gir moglegheit til kvile og restitusjon. Samstundes kan ein møte nye naboar og få kjennskap til lokalsamfunet. Støtta til arabiskspråklege bøker gjer biblioteka betre rusta til å hjelpe flyktningar inn i ein ny kvardag, seier avdelingssjef ved Det fleirspråklege biblioteket, Siri Tidemann-Andersen i pressemeldinga.

Det fleirspråklege bibliotek er ei nasjonal teneste, som sikrar at norske folkebibliotek kan tilby litteratur til innvandrarar og flyktningar.

Direktør i Nasjonalbiblioteket, Aslak Sira Myhre, som tek over drifta av Det fleirspråklege biblioteket frå 2017, er glad for å kunne bidra.

– Samstundes er dette eit gyllent høve til å syne fram viktigheita av ei bibliotekteneste som omfattar heile befolkinga, seier han.

LES OGSÅ: Satsar på lesegledarar