Ser fram til å leia KrFU

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg ser fram til å leia Noregs mest idealistiske ungdomsparti, seier Ida Lindtveit, i ei pressemelding.

22-åringen er framleis ikkje formelt valgt, men alt tydar på at ho vert den nye leiaren etter KrFU sitt landsmøte 16.-18. oktober.

LES OGSÅ: – Folk har sex, og då bør det gjerast trygt

Flyktningar og psykisk helse
Lindtveit har vore politisk nestleiar i ungdomspartiet i to år og har jobba som politisk rådgjevar i KrFs Stortingsgruppe med utdanning og asyl som felt.

Ungdomspolitikaren er klar på at KrF må halda fram med å leggja press på regjeringa for å ta i mot fleire flyktningar og slik senda eit klårt signal til EU om at Noreg tek sin del av ansvaret.

– Me etterlyser òg gode integreringstiltak i kommunane. Det norske folk har mobilisert til ein stor nasjonal dugnad for flyktningar. Her må regjeringa følgje med og ta leiarskap, ikkje hengja motvillig etter, seier Lindtveit, som meiner KrF har ei spesielt viktig rolle som samarbeidsparti.

Sjølv er Lindtveit spesielt oppteken av at prestasjonspresset i samfunnet og unge si psykiske helse blir teken på alvor.

– KrFU vil setja livsmeistring på timeplanen og ha fleire helsesøstrer inn i skulen. Det er her ungdommen oppheld seg mykje av tida, og då er det naturleg at me set inn støtet på denne arenaen. Me meiner òg at ventetida for unge som slit med si psykiske helse, må bort, seier Lindtveit.  

LES OGSÅ: Vil ha livsmeistring inn i skulen

Erstad til Agenda
I dag vart det òg kjent at avtroppande KrFU-leiar Emil André Erstad vert rådgjevar for internasjonale spørsmål i venstreside-tenketanken.

– Agenda plasserer seg sjølv frå sentrum til venstresida. Eg er ein sentrumsorientert kristendemokrat, og kjem ikkje til å endra på det sjølv om eg byrjar å jobba i Agenda, seier avtroppande KrFU-leiar Emil André Erstad til Aftenposten.

Erstad er ferdig som leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom 18. oktober og byrjar då i deltidsjobb for tankesmia Agenda. Frå nyttår vert dette ei fulltidsstilling.

I sin nye rådgjevarjobb skal KrF-politikaren ha ansvar for internasjonale spørsmål som til dømes fattigdom, klimautfordringane, Oljefondet og flyktningar. Her peikar Erstad på at det ein del felles interesser mellom sentrum og venstresida.

LES OGSÅ: Ferdig i KrFU

Mannsdominans
Når Erstad går av og Lindtveit etter alt å døma tek over, vert KrFU det einaste av ungdomspartia til dei norske stortingspartia med kvinneleg leiar.

Grøn Ungdom har, i likheit med moderpartiet Miljøpartiet Dei Grøne, ein mannleg og ein kvinneleg talsperson. Desse er Anna Serafima Kvam og Lage Nøst.

Raud Ungdom, som ikkje har nokre stortingsmandat, vert leia av Linn-Elise Øhn Mehlen.