Når truleg ikkje returmåla

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Totalt ønskjer regjeringa og justisminister Anders Anundsen (Frp) å sende ut 2.300 gjennom frivillig retur, mens 7.800 skal sendast ut med tvang. Etter dei åtte første månadane ligg verken Utlendingsdirektoratet (UDI) eller Politiets utlendingseining an til å nå returkrava skriv Klassekampen.

LES OGSÅ: Mot flyktningstraumen

– Vi vil ikkje nå målet på 2300 assisterte returar i år. Etter første tertial rapporterte vi til departementet at 400 hadde returnert og at vi ikkje ligg an til å nå målet for 2015, opplyser UDIs presserådgjevar John Olav Kroken. Frå Politiets utlendingseining (PU) er beskjeden at trass ein auke i tvangsreturar på 6 prosent, kjem dei truleg berre til å klare på sende ut 6.800 personar, 1.000 færre enn målet.

Den siste månaden har også Noreg for alvor begynt å merke flyktningkrisa i Europa, og UDI anslår at 20.000 menneske vil søke asyl i Noreg før året er omme. Det vil vere ein historisk topp.

– Det er klart at situasjonen vi no står i, pressar ressursane frå alle kantar. No er det viktig å ha fokus på returar så vi ikkje trekkjer til seg oss asylsøkjarar utan vernebehov, seier justisminister Anders Anundsen.

LES OGSÅ: Ingen ordførarar med innvandrarbakgrunn