Utandørs luftforureining krev rundt 3,3 millionar liv kvart år, ifølgje ein ny, tysk studie.

NPK-NTB-AFP
NPK-NTB-AFP

Dei fleste av dei ramma, nærare 75 prosent, døydde av slag og hjarteinfarkt løyst ut av å puste inn forureina luft over lengre tid.

Resten fekk luftvegssjukdommar eller lungekreft etter å ha pusta inn støvpartiklar utandørs over lengre tid, viser studien, som er publisert i forskingstidsskriftet Nature.

Ulmande bål til matlaging og varme i India og Kina utgjer den største enkeltårsaka til luftforureininga. Vidare er blant anna trafikk i USA og bruk av kunstgjødsel i Russland andre store syndarar.

– Dersom ein skal unngå desse aukande tidlegdødsfalla grunna luftforureining, må ein innføre sterke kontrollmekanismar, særleg i Sør- og Aust-Asia, seier forskar Jos Lelieveld frå Max Planck-instituttet for kjemi i Tyskland.

Dei nye tala støttar funna i ein rapport frå Verdshelseorganisasjonen frå 2014, som også kom til eit liknande tal. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

Kommentarar

ANNONSE