Få dagar før ho forlova seg laga Kristi Drabløs Espeland (29) eit ambisiøst nyttårsforsett for 2015. Eit flyfritt år har fått ho til å sjå kortreiste moglegheiter.

mm

– Folk flyr utruleg mykje. Eg har alltid hatt litt sterk rettferdigheitssans og tykkjer det er litt urettvist at berre fordi me har pengar og ressursar så skal me øydeleggje jorda vår, seier Kristi Drabløs Espeland.

LES OGSÅ: Kan minske klimaeffekt av transport

Sjå Skandinavia!
29-åringen frå Sunnmøre har lenge hatt dårleg samvit kvar gong ho har flydd. Å kjøpa klimakvoter kunne heller ikkje vega opp for samvitet, når ho veit kor mykje ho forureina. Difor fann ho ut at ho skulle prøve eitt år utan å fly for å sjå om det går.

– Og det går jo, smilar Kristi.

Framtida.no møter ho på Chillout kafé på Grünerløkka i Oslo.

Kristi dreg fram ei bok frå Peru, der ho reiste med folkehøgskulen.

Egypt, London, Budapest, Paris og ein seks vekers studietur til Etiopia og Kenya har òg kome inn i det norske passet hennar gjennom åra.

Lokala er fulle av freistande reisebøker, men Kristi har vorte nøydd å tenkje litt utafor boksen og innanfor Noregs grenser når ho no ferierer. Ho har rett og slett vorte meir kortreist.

– Før var eg meir reiselysten, men no har eg lyst å sjå Noreg. Eg har heller aldri vore til Sverige og kunne godt tenkje meg å reise dit.

Sommarferien vart brukt heime på Lauvstad i Volda og bryllaupsreisa gjekk ikkje lenger enn til eit spahotell i Loen.

LES OGSÅ: – Forbrukarane har makt

Flyfotograf
Kristi laga nemleg det som mange vil kalla eit «ambisiøst» nyttårsforsett berre få dagar før ho vart forlova på nyttårsaftan.

Ektemannen var òg med på prosjektet, som naturleg nok gjorde bryllaupsreisa meir kortreist. Men dei måtte bite i det sure eplet og kjøpe ei flyreise i 2015 – det vart til den fotografen dei ville ha på den store dagen.

I tillegg har 9 andre personar har meldt seg på Facebookgruppa «Flyfritt år 2015».

– Eg vart veldig positivt overraska over at ti andre som ville vere med, sjølv om nokre hadde bestilt flyreiser allereie. Eg har jo inntrykk av at folk ser på det som ein rett å fly når dei vil.

Kristi opplever at mange synest det er imponerande at det går ann å ta eit flyfritt år. Sjølv er ho klar på at me ikkje treng å ta tre utanlandsturar i året.   

LES OGSÅ: Slik vil dei løyse klimakrisa


Kristi Drabløs Espeland har i praksis shoppestopp – eit fenomen som breidde om seg i 2014. Er flyfritt år den nye forbrukartrenda i 2015? 

Etterlyser togsatsing
Med flyfritt år har det naturleg nok vorte mindre reising. Distansane vert kortare og helgeturar til Sunnmøre er ikkje aktuelt. 

Sunnmøringen tek til orde for lågare – men ikkje dårlegare – levestandard, og er ikkje i tvil om at me nordmenn må fly mindre i framtida. Her trur ho neppe det er nok å basere seg på at folk vel flyfritt på eiga hand. Politikarane må ta ansvar og gje folk betre alternativ. Flyreiser må verte dyrare og tognettet byggjast ut slik at det er eit konkurransedyktig alternativ.

– Det at ikkje Noreg har satsa meir på tog tykkjer eg er veldig dumt, for tog er jo ein kjempebehageleg måte å reise på. Mykje meir behageleg enn fly og dei kaotiske flyplassane. Men det er ikkje politisk guts til å gjere det. Det tykkjer eg er veldig, veldig trist.

Men Kristi er ikkje åleine om å fly mindre. Ifølgje Forskning.no stod nordmenn for 11,4 millionar reiser i første halvår i 2015. Det er fem prosent færre en same periode i fjor.

Nedgangen er størst i innanlandsreiser, medan talet på utanlandsreiser er meir stabilt.

LES OGSÅ: Likevel hurtigtog mellom Oslo og Stockholm

Lure klimakvoter
Samfunnsøkonom Annegrete Bruvoll i Statistisk Sentralbyrå (SSB) presenterte tidlegare i år forsking som gjekk søppelattvinninga nærare i saumane. Konklusjonen var at resirkulering har ein minimal effekt på klimautslepp. Ifølgje berekningane hennar må ein  sortere plast i hundre år for å spara inn utsleppa frå ei flyreise tur-retur Oslo-San Francisco – per person.

I 2013 var det 2,3 enkeltreiser innanlands og 2,1 enkeltreiser utanlands til og frå Noreg per nordmann.

Bruvoll reknar seg fram til at ein sparar 270 kilo CO2 i snitt om ein ikkje flyr innanlands eit år, likevel er ikkje dette det mest effektive klimatiltaket.

Fordi flytransport i Noreg og EU er omfatta av kvotesystemet har det lite for seg å kutte på desse flygingane, rett og slett fordi utsleppa blir flytta ein annan stad.

– Innanfor kvotesystemet er utsleppa gitt. Det betyr at vi innanfor den samla kvoten uansett «brukar opp» heile denne kvoten. Reiser vi mindre fly, slepp ein ut meir i industrien. Det einaste som gir mindre utslepp er å redusere den totale kvoten. Med andre ord spelar det faktisk ikkje nokon rolle for totalutsleppa om vi flyr mindre innanfor Norge/EU. Internasjonal lufttransport elles er ikkje omfatta av kvotesystemet. Her vil mindre reiser gi direkte reduksjonar i utsleppa, forklarar Bruvoll i ein epost.

At færre utanlandsreiser vil altså løna seg i eit klimaperspektiv, men akkurat kor mykje det å kutte ned på utanlandsreiser er vanskelegare å berekne fordi ein ikkje har gode tal over utslepp og flyreiser.

– For så vidt er det ikkje flyginga som er problemet, men utsleppa frå flyging. Flyselskapa reduserer utsleppa per kilometer år for år, og er i ferd med å utvikle biofuels for flyfarten. Avgifter på lufttransport som reflekterer klimakostnadane vil både auke forbrukarane sine kostnader ved å fly, og dermed få oss til å fly mindre, og gir flyselskapa insentiv til raskare å utvikle karbonfrie teknologiar.

LES OGSÅ: Gir opp krav om CO2-utslepp frå fly

Vurderer å halde fram
Kva som skjer etter 2015 er ikkje Kristi sikker på. Ho har allereie vurdert å ta eitt år til, men har òg tenkt at det kunne vore kjekt å ta ein tur til Haiti, der svogeren hennar kjem frå.

For Kristi er ikkje motstandar av reising og meiner me må kunne reise i blant. Ho skjønar godt at det er freistande å reise ut for å sjå alle dei vakre stadene som finst i verda. Me har jo råd til det. Og det kan utvida horisonten vår.

Likevel finst det alternativ.

– Eg håpar at me vert litt flinkare til å reise lokalt og ikkje treng å reise til Thailand kvart år. Fjellet i Noreg er veldig fint og det er veldig godt å reise kort for å få feriekjensle. Så eg håpar jo at fleire vil forstå det, avsluttar Kristi.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

Kommentarar

ANNONSE