Ved førre val var Luster klart best på valdeltaking blant 16- og 17-åringar. Årets stemmerettforsøk ser dårlegare ut.

Tora Hope, Andrea Rygg Nøttveit
Tora Hope, Andrea Rygg Nøttveit
Faktaboks

Desse kommunane er med i andre runde av stemmerettsforsøket med 16- og 17-åringar:

Austevoll
Eid
Gausdal
Hamar
Horten

Klæbu
Kautokeino
Kristiansund
Lillesand
Luster
Mandal
Marker
Målselv
Namdalseid
Oppegård
Porsgrunn
Stavanger
Tysfjord
Vadsø

LES FAKTALUKK FAKTA

Førre kommuneval i 2011 var første gong Kommunaldeldepartementet gjennomførte forsøk med stemmerett for 16- og 17-åringar i 20 utvalde kommunar.

LES OGSÅ: Her stemmer 16-åringen

Før førstegongsveljarane
Valdeltakinga blant 16- og 17-åringar i alle forsøkskommunane var på 58 prosent. Det var høgare enn dei ordinære førstegongsveljarane med 46 prosent, men noko lågare enn resten av befolkninga – der 63 prosent stemte.

Under stortingsvalet i 2011 brukte heile 82 prosent av 16- og 17-åringane røysteretten i Luster kommune. Dermed sigla kommunen til landstoppen, som den beste blant dei 20 som deltok i forsøket.

I kommunevalet i år sank talet til 68,4 prosent. I den øvrige befolkinga var det 73,7 prosent som stemte.

LES OGSÅ: Utvida demokrati gav auka valdeltaking

– Bør verte innført i alle kommunane
Sitjande ordførar Ivar Kvalen i Senterpartiet har vore ein talsperson for forsøket. Han er likevel ikkje skuffa over tilbakegongen.

–  Eg skulle sjølvsagt ønskt at talet var noko høgare, men eg trur at resultatet i år er nærare normalen. Sist hadde vi veldig høg deltaking, og var landets beste. Ein viktig forskjell frå no til då, var at den gongen var opplegget kring valdeltaking blant ungdom mykje større.

Barneombodet, valforskar Frank Aarebrot og dåverande kommunalminister Liv Signe Navarsete var her. Det er nok ein del av forklaringa på mobilisering,  seier Kvalen, som gjorde eit brakval og får halde fram i sjefsstolen.

Som ordførar i ein av dei ti kommunane som har vore med på begge forsøka, vil han tilrå å gjere

ordninga allmenn.

– Eg er ein ivrig talsmann og meiner dette absolutt bør verte innført i alle kommunane. Vi har berre gode erfaringar i Luster, seier Kvalen.

LES OGSÅ: Knallval for Senterpartiet

Under 60 prosent stemte
Førre lokal- og fylkestingsval var rekordgodt, både blant ordinære førstegongsveljarar og resten av befolkninga.

I år går det mot rekordlåg valdeltaking på landsbasis. Tysdag morgon var oppmøtet ifølgje VG berekna til 59,7 prosent i kommunevalet og litt over 55 prosent i fylkestingsvalet. Ikkje sidan valet i 2003 har så få personar nytta stemmeretten.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04
ANNONSE