Miljødirektoratet tilrår vern av 66 skogområde
Miljødirektoratet rår Klima- og miljødepartementet til å verne 66 nye skogområde. Nesten alle er foreslått verna som naturreservat.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil verna desse skogane i Noreg
– Denne tilrådinga og løyvinga for 2015 gir grunnlag for å opprette ei rad nye skogvernområde dette året, seier seksjonsleiar Knut Fossum i Miljødirektoratet.
LES OGSÅ: Det tek lang tid å reparera elvene
Dei fleste av dei foreslåtte områda ligg på Austlandet og i Trøndelag, men også område på Sørlandet og Vestlandet inngår i forslaget. I tillegg er det første frivillig-vern-området i Troms fylke med i ordningaNesten alle er foreslått verna som naturreservat, unntatt eitt område som er ei utviding av nasjonalparken Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark.
Forslaget er sendt Klima- og miljødepartementet.
Fylkesmennene har hatt ansvaret for prosessen lokalt og for gjennomføringa av høyringa av verneforslaga.
LES OGSÅ: Humlas flukt