Opnar for å kombinera dagpengar og utdanning

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skal ikkje tapa på å ta utdanning

Arbeidsløysa held fram med å auka i Noreg. I august var det 93.800 personar heilt ledige og arbeidssøkarar på tiltak, tilsvarande 3,4 prosent av arbeidsstyrken. Det er 8.300 fleire enn for eitt år sidan.

Arbeidsledige og permitterte får 66 prosent av løna i dagpengar. Viss du vurderer å ta utdanning, kan du mista dagpengane og berre få stipend og studielån. Det kan bety mykje mindre inntekt.

– Me må ha ein meir smidig måte å gjera det på, seier Sveinung Rotevatn til Framtida.no. Han er Venstre sitt medlem i Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, og seier seg samd med LO at det må la seg gjera å ta utdanning utan å mista dagpengar.

LO-leiar Gerd Kristiansen uttala til Dagbladet i august at løna utdanning vil vera attraktivt for mange.

– Dagpengar er for passivt. Særleg for ungdom og innvandrarar er det viktig at dei kan kombinera dagpengar med opplæring og skolering for eit arbeidsliv i nødvendig omstilling, sa Kristiansen til avisa.

LES OGSÅ: Råd for unge arbeidsledige: – Vis initiativ!

– Må vera ekstremt ambisiøse
Denne veka var Sveinung Rotevatn på Stord, ein av kommunane langs kysten som merkar nedgangen i oljeindustrien.

– Det er ingen tvil om at det er tøffe tider. Eg har snakka med folk som seier det aldri har vore så dystert som no. Då er det viktig at me bruker den enorme kompetansen me har til å etablera oss i nye marknader, seier han.

Stortingsrepresentanten meiner staten må gjera det meir lønsamt å gjera enøk-investeringar på sokkelen og han meiner det offentlege bør stilla krav til nye ferjeanbod.

– Skal me bli verdsleiande innanfor grøn skipsfart, så må me vera ekstremt ambisiøse, seier Rotevatn.

Faktaboks

Her finn du oversikt over kva typar utdanning som kan kombinerast med dagpengar etter dagens reglar:

• Kurs eller tiltak i NAV sin eigen regi eller i samarbeid med NAV.
• Utdanning utanfor normal arbeidstid.
• Utdanning på fulltid i inntil tre månader, som i sin heilskap er gjennomført og avslutta innanfor ein tremånadersperiode. Einkvar deleksamen blir rekna som del av eit lengre utdanningsløp og blir ikkje rekna for å vera ein sjølvstendig utdanning.
• Utdanning med kortvarige undervisingsperiodar på dagtid eller fulltid.
• Godkjent norskopplæring for vaksne innvandrarar på fulltid i inntil eitt år.
• Introduksjonsprogram for nykomne innvandrarar.