Kan tilpassing hindre fråfall?

Det meiner fleire sentrale ungdomspolitikarar, på tvers av partigrensene. Mellom 2009 og 2014 slutta 16 prosent av elevane i vidaregåande opplæring undervegs i skuleløpet.

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talsperson i Grønn Ungdom, Anna Serafima Svendsen Kvam, trur manglande utfordringar på det ein er god på har noko av skulda for at elevar droppar ut. Miljøpartiet De Grønne har tidlegare teke til orde for å få fleire praktiske og kunsteriske valfag inn i skulen på eit tidlegare tidspunkt. På den måten meiner dei at fleire elevar  vil oppleve å lukkast.

– Problemet med fråfall startar ikkje når nokon sluttar på skulen eller når ein vel vidaregåande linje i 10.klasse. Det startar veldig mykje tidlegare når ein gjer nokre elevar til skuletaparar. Mange elevar som er sterkare i praktisk og kunstneriske fag får ikkje utfordringar på det dei er gode på. Det reduserer lærelyst og meistringsfølelse, sa ho under Agenda sin ungdomspartileiardebatt torsdag.

LES OGSÅ: Vil ha livsmeistring inn i skulen

Tar til orde for fleire valfag

– Framskrittspartiets Ungdom lufta nokre av dei same tankane under debatten. Dei har i mange år teke til ordet for ein skule meir tilpassa for den enkelte elev.

Vi ynskjer fleire valfag. På studiespesialisering tvingast i dag elevar til å ha enten tysk, spansk eller fransk i to år, sjølv om dei ikkje føler at dei har bruk for det i arbeidslivet. Eg syns det hadde vore mykje betre om nokon som til dømes ville bli sjukepleiar fekk lov å ha nokre helsefag for å sjå om det var noko for dei. Eller ein elev som ynskjer å bli jurist fekk ta nokre jusfag, sa 2.nestleiar i partiet, Petter Melsom.

LES OGSÅ: Lågast fråfall i Vest-Agder og Rogaland

Vil kaste ut opptakssystemet
Nicholas Wilkinson er leiar i Sosialistisk ungdom. Han bringte eit tredje, spesialtilpassa moment på bane på tampen av debatten: opptakssystemet i Noreg.

– Det vi gløymer i skulediskusjonane er at elevar lærar frå ung alder at det er einaste som gjeld i skulen er snittkarakteren din. Alle pakkast inn i same form. Det trur eg er veldig farleg. Om du er dårleg i gym knusast drømmen din om å bli ingeniør. Om du er ikkje er god i matte kan du ikkje bli psykolog. Vi ynskjer å kaste ut heile opptakssystemet, og få eit opptakssystem som kun ser på relevante karakterar og ditt talent.