Vil ha offentleg gründer-fond

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå Porten.no.

Ordførarkandidat for Årdal Venstre, Kurt Jevnaker, meiner det er på tide å drøfte kva mogelegheiter ein har som kommune til å støtte opp om gründerverksemd. Sveinung Rotevatn, Venstre sin stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane, seier seg einig i Jevnaker sitt forslag.

– Det er vanskeleg å gå "all-in" i eitt nytt prosjekt i dag om ein ikkje har kapital i ryggen, seier Jevnaker. 

Med ei eiga støtteordning der offentlege midlar vert kombinert med private investorar, vil Jevnaker og Venstre betre vilkåra for ny-etablerarar som ikkje har oppsparte midlar å bruke. 

LES OGSÅ: Dei søkkrike vart enda rikare

Utbytte
Jevnaker føreslår å setje delar av utbyttet Årdal kommune har frå Årdal Energi inn i eit eige fond som skal brukast til å gje gründerar ei økonomisk stønad i startfasen.

– Det er budsjettert med eit utbytte på 10 millionar kroner frå Årdal Energi i 2015, og ein del av dette kan setjast av til ei støtteordning for ny-etablerarar i kommunen, seier han.

Årdal Venstre ynskjer og å leggje til rette for at gründerar kan ta ulønna permisjon frå arbeidsgjevar, slik at etableraren kan gå inn på fulltid med å stable bedrifta på beina. Det er her Jevnaker vil bruke eit lokalt investeringsfond som kan gje økonomisk stønad i den perioden.