AUF-leiaren i Hordaland vil kjempe mot arbeidsløyse blant unge og klimaendringar i ein smekk.

Faktaboks

Fram mot lokalvalet vil Framtida.no skriva om det grøne skiftet frå oljealderen til eit berekraftig samfunn. I møte med desse spørsmåla bør alle ha ei røyst. Difor treng me også synspunkta dine om kva løysingar som kan finnast i det grøne skiftet. Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.

For innspel: Ta kontakt på on.ad1632364446itmar1632364446f@spi1632364446t1632364446

LES FAKTALUKK FAKTA

Mari Klokkerstuen Kjellesvik (20) er fylkesleiar for AUF i Hordaland. Ho meiner buss og sykkel er dei viktigaste klimatiltaka i fylket.

– Vi må få folk over frå bil til buss. Då må vi ha eit godt og reelt kollektivtilbod og betre sykkelvegar, seier ho.

LES OGSÅ: Slik vil dei løyse klimakrisa

Men det er i Bergen sentrum ein kan gjere mest.

– Det er Bergen som er mest utsett for lokal luftforureining, og som har den største delen av trafikken. Eit godt kollektivtilbod her vil gjere stor skilnad.

Mot arbeidsløyse, for klima
Klokkerstuen Kjellesvik er uroa over at arbeidsløysa blant unge går opp i Hordaland. Ho meiner ein kan kombinere grøn omstilling og kampen mot arbeidsløysa.

– Samfunnet må ta problemet med unge arbeidsledige på alvor, og samstundes få fleire til å utdanne seg innan grøne næringar. Vi i Hordaland Ap skal reise rundt og møte bedriftene i fylket for å høyre korleis vi kan få til grøne skiftet saman, seier ho.

Samstundes løftar fylkesleiaren fram dei små, personlege vala som viktige i møte med klimaendringane.

– Eg et svært lite kjøt, tek berre buss eller sykkelen, og kjeldesorterer. Det er ikkje uoverkommelege val, men saman kan vi gjere ein skilnad. Det er faktisk slik at om alle nordmenn hadde éin kjøtfri dag i veka, så hadde vi kutta utslepp tilsvarande 200.000 bilar i året, seier Klokkerstuen Kjellesvik, som er sjuande kandidat på Ap si fylkesliste.

LES OGSÅ: Ordførarar stiller seg bak klima-opprop

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

LES OGSÅ

ANNONSE