Don’t drag us «Downs»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vanlegvis orkar eg ikkje å ta meg tid til å gje slike lesarbrev som dette merksemd, men dette toppar kaka. Eg blir rett og slett fysisk dårleg av å lese kva Olav Bjørkum skriv i sitt innlegg tysdag 1. september.

LES OGSÅ: Runar blir stempla som for dum for kommunestyret

I lesarbrevet sitt rakkar Bjørkum ned på Runar Søreide Skogedal. Runar er ein engasjert og informert 23-åring som tilfeldigvis har Downs syndrom. Fitjar SV har Runar på sjetteplass på lista si, fordi dei meiner at han kan gjera ein god jobb i kommunestyret, noko eg er heilt samd i.

Bjørkum meiner at « … ved å velja ein med Downs syndrom inn i kommunestyret vil det i praksis vera eit medlem mindre». BULLSHIT! Runar, og andre med Downs syndrom for den saks skuld, vil garantert gjera ein mykje betre jobb i eit kommunestyre enn mange andre. Om ein har ei eller anna form for funksjonshemming skal ikkje ha noko å sei i dagens samfunn.

Så lenge desse menneska, ikkje marionettedokker, som Bjørkum kallar dei, er engasjerte i samfunnet, og innbyggjarane i kommunen vil ha dei i kommunestyret sitt, skal det ikkje ha noko å sei kva ein eller annan «gubbe» frå Stord meiner.

LES OGSÅ: Runar kan bli historisk

Det eg lurer på er kvifor du Olav Bjørkum rakkar ned på unge som engasjerer seg i samfunnet. Fyrst var det Horneland Bedehus som brukte engelsk i brosjyrane sine for ungdom, så var det underteikna om klimaendringane, og no er det Runar som vil inn i kommunestyret. Føler du deg truga av oss i den yngre generasjon? I så fall har du ingen grunn til det, for me er ikkje særs farlege.

Så vil eg berre seia til Runar: Stå på, me støttar deg og vil gjerne invitera deg til å vera med i Stord Sosialistisk Ungdom. Me håpar å sjå deg i vårt lokallag – og i kommunestyret på Fitjar.

Innlegget var først publisert i Bladet Sunnhordland.