Miljøkampen kan ta eit steg vidare den 14. september.

Geir Angeltveit
Geir Angeltveit

Valet er snart over oss og nye og gamle skikkelsar skal utsmykka dei mange kommunestyrene på tvers av landet. Før me får gleda av å parkera baken på vår møtestad dei neste fira åra, skal det forhandlast. For plasseringar i ein kommunestyresal er lika lite tilfeldig som bæraren av ordførarklubba.

Forhandlingar føregår nærmast så snart ein solid porsjon av røystene er talt opp. Innpåslitne journalistar har utsett trykketid, og forhandlingsleiarar har glatt avstått frå vin og øl (i alt for store mengder) på valvakar. Nokre forhandlingar vert avgjort på førehand, andre som konsekvens av valresultatet, og nokre drar ut i dei seine nattestimar.

Det kan vera seint på natt at grunnsteinen for god miljøpolitikk vert lagt, basert på kven ein vel å krona til verv og mynde. Då handlar det om å vera førebudd. Når eg skal i forhandlingar kvelden den 14. september kjem eg til å ha ei lang liste med prioriterte saker eg ønskjer gjennomslag for. Øverst på ei slik liste vil ein finna dei viktige målsetnadane for miljøet. Kutt i klimagassutslepp, ein arealforvaltning som tar vare på landbruk, miljø og natur, og energiøkonomiske krav på tvers av linja. Om du sjølv vert krona, eller du kronar andre, tjor dei til miljøsaka umiddelbart. Minn dei på det både før, under og etter forhandlingane at dette var avgjerande for deg.

Dette vil vera avgjerande for meg. Venstre på Stord, i Sunnhordland og Hordaland, Vestland og austland, må forplikta sine samarbeidspartnarar til god miljøpolitikk. Stord er kanskje liten i den store samanhengen, men om kvar ei bygd, by eller bydel tenkte slik ville lite blitt gjort. Venstre er partiet som vil forhandla fram gode løysingar i alle landets kommunar, men berre dersom du gir oss mynde til det.

Som B-menneske er eg klar til seine nattestimar, miljøkampen kan ta eit steg vidare den 14. september, om du gjev meg og mine høve til det. Stem difor Venstre på valdagen, så går me ei grøn framtid i møte.

Med liberal helsing,
Geir Angeltveit
Ordførarkandidat Stord Venstre
3. Kandidat Hordaland Venstre


Les også: Kva er vitsen med lokalpolitikk, Geir Angeltveit?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04
ANNONSE