Tolkiens mørkaste verk er «finskinspirert»
Sist torsdag kom ein av J.R.R. Tolkiens tidlegaste historier ut for aller første gong. «The Story of Kullervo» er inspirert av det finske nasjonaleposet Kalevala.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ny Tolkien-bok er den mørkaste
– Han var svært gripen av heile mytologien, seier professor Verlyn Flieger ved universitetet i Maryland, som har vore redaktør for manuset, til BBC.
Flieger røper at Tolkien prøvde å lære seg finsk – og lånte ei ordbok «fleire gonger». Han likte dei lange vokallydane, og lét alvespråket han konstruerte låne fleire element.
LES OGSÅ: – Tolkien ville aldri sendt kvinner i krig
Byrja i 1915
Tolkien oppdaga Kalevala allereie som skulegut, og byrja å skrive sin eigen versjon i 1915 då han studerte ved Oxford. Ifølgje Flieger slutta han brått, «midt i ei setning», skriv BBC. Sidan har det uferdige manuset lege i Bodleian-biblioteket i Oxford. No vert det gitt ut av forlaget Harper Collins.
I den seinare «Silmarillion» skriv han Kullervo om til krigarhelten Turin Turambar, som får eit like tragisk endelykt: Begge tek sjølvmord med eige sverd.
Tolkien-eksperten Flieger seier til BBC at det er ei «åre av djup tragedie og pessimisme» som går igjen i Tolkiens arbeid, også «Hobbiten» og iallfall «Ringenes Herre», før ho fastslår:
– «The Story of Kullervo» er utan tvil den mørkaste historia han nokon gong skreiv.