– Klimaendringar – kva betyr det?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landet i vasskorpa

– Me er eitt folk i Vanuatu; me er ein nasjon. Me vil sjølvsagt ikkje at det skal skje noko vondt på dei andre øyane, då får alle øyane det vondt. Me vil hjelpe kvarandre.

Det er i alle fall ikkje noko i vegen med nasjonalkjensla til Gina, Lily, Chipe og Alice, arbeidarar i ein liten butikk i Vanuatus hovudstad Port Vila. Det slo meg kor like me på mange måtar var. Unge nordmenn og unge ni-vanuatu har dei same ynskja og tankane om framtida. Då eg spurde dei kva tankar dei gjorde seg om framtida si, var dei alle einige.

– Eg vil ha ein familie, eit hus å bu i og ein jobb å gå til. Eg må nok dyrke litt mat sjølv også, for eg tener ikkje så godt og har ikkje råd til høgare utdanning.

Ikkje heilt likt som i Noreg med andre ord, men i store trekk er det mange likskapar. Me vil studere noko me trivast med, me vil ha ein god jobb, ein fin familie, eit koseleg hus og ein stabil økonomi. Dersom me blir konfrontert med at desse draumane står i fare vil me sjølvsagt gjere det me kan for å hindre det i å skje. Og der stoppar me, både nordmenn og ni-vanuatu. Me er opptekne av andre ting, og kva som enn kjem, så klarar me oss alltid. Me blir ikkje skremt før noko skjer. Og av og til treng ein kanskje nokon frå utsida for å sjå at ting allereie er i ferd med å skje.

Aniwa har heile 350 innbyggjarar. Det høgaste punktet ruvar 42 majestetiske meter over havet. Og det tek ein times tid med intens rusling å gå heile øya på langsida. Kor mykje havnivået må stige før øya byrjar å forsvinne under havet, er eit reknestykke meir egna for kloke klimaforskarar heller enn ein fabulerande backpacker-misjonær. Det var likevel eit lite sjokk for meg då eg fekk vite at den vesle, flate øya eg såg ute i horisonten frå landsbyen me budde i, hadde like mange folk som bygdi mi heime. Høydalsmo står definitivt ikkje fare for å bli borte nokon gong, med mindre skogsveksten endeleg tek overhand for alvor, og me alle forsvinn inne i granskogen.

Vanuatu er eit land som vil bli mykje meir prega av klimaendringane enn Noreg. Me kan synast det er trist å ikkje kunne ta fram skia så tidleg som me skulle ynskje fordi snøen let vente på seg (sjølv om ein del nok heller ville sjå det som ei grunn til å feire enn noko anna). I Vanuatu derimot, vil det innebere fleire kjempesyklonar på størrelse med syklonen Pam som traff Vanuatu i mars 2015, som øydelegg avlingar og drikkekjelder folk så sårt treng. Jordskjelv og vulkanutbrot er dei allereie utsett for. Dessutan er dei ifølge globalis.no, «et av verdens minst utviklede land, og det politiske klimaet er ustabilt»[1].  Likevel, trass i alle forskjellane mellom landa våre, er altså unge nordmenn og unge ni-vanuatu opptekne av dei same tinga, og har dei same måla for framtida.

Ein vesentleg forskjell mellom dei fire jentene i butikken og meg sjølv var at eg veit noko som helst om desse klimaendringane så mange pratar om, bortsett frå i dei landa dei kjem til å merke konsekvensane mest.

– Klimaendringar? Ja, eg har høyrd om det, men eg veit ikkje så veldig mykje om det, kva betyr det eigentleg? spurte Alice då eg spurte henne kva ho tenkte om det.

Alice i butikken i hovudstaden Port Vila.

Det kjem ikkje til å ramme meg like hardt, eg bidreg mykje meir til skadelege utslepp i miljøet gjennom forbruksvanane mine, og eg er opplyst nok til å kunne gjere noko for å forhindre det. Likevel forventa eg at innbyggjarane i eit fattig land som Vanuatu ville vere meir opptekne av å løyse dei store problema som er openbare etter å ha tilbrakt litt tid der, heller enn å setje si eiga lykke først. Eg forstår no at den haldninga ikkje held.

Hovudårsakene til at me ikkje har fått utretta så mykje miljørettferd på verdsbasis som me gjerne skulle ynskje, er manglande opplysning om klimaendringane og mogelege tiltak folk kan setje i gang, etter mi meining. Det er dei som ikkje er informert om kva som skjer med klimaet som kjem til å få det verst, og det er ikkje dei sjølv som ber størsteparten av skulda for dette ein gong, sjølv om lukta av søppelbrann ofte reiv i nesa medan eg var i Vanuatu.

Me i Vesten har fått til mykje rett, og har vore heldige med ressursane me har til rådigheit. No har me verkeleg sjansen til å gjere noko godt med det. Nordmenn, som er godt utdanna og har rykte på seg for å vere hardarbeidande og høflege (med unntak av når me er på ferie), har mogelegheit til å reise kvar som helst i verda. Me kan gjere verda til ein betre stad å leve for noverande og komande generasjonar. Det er det eg eigentleg vil med framtida mi, men eg må stadig bli mint om å hugse og drøyme litt større enn meg sjølv.