Frå og med tysdag 1. september kan du ringe legevakta på det same telefonnummeret uansett kor du er i landet.

Linda Merethe Lie, Ryfylke.net
Linda Merethe Lie, Ryfylke.net

Saka var først publisert hjå Ryfylke.net.

– Ringer ein det nye, landsdekkande legevaktnummeret, som er 116 117, vil ein få kontakt med nærmaste legevaktsentral. Eit sporingssystem fangar opp kor i landet innringaren er og vil då kople han eller ho opp til nærmaste sentral, forklarer einingsleiar ved Sauda Legevaktsenter, Olivia Obtinario.

I den etterkvart mykje omtalte akuttforskrifta er kommunane pålagt å legge til rette for at legevaktsentralen skal handtere førespurnader heile døgeret via eit nasjonalt legevaktnummer. Men, det lokale legevaktnummeret som er i drift i dag vil framleis vere operativt.

– Fordelen med eit felles legevaktnummer er at ein ikkje treng å bruke tid på å lure på kva som er det gjeldande telefonnummeret på ulike stader. Dette kan vere aktuelt om ein er ute og reiser. Så lenge ein ringer 116 117 vil ein få kontakt med nærmaste legevakt, fortel Obtinario.

Ho legg til at sjølv om det lokale legevaktnummeret framleis fungerer, er det ønskeleg at innbyggarane lagar seg ein rutine med tanke på å ta i bruk det nye nummeret snarast råd.

Men, Olivia Obtinario minnar om at ein må bruke det nye systemet på rett måte. Ho peikar på at «misbruk» av legevakt eller AMK kan få alvorlege konsekvensar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

Kommentarar

ANNONSE