Kan vi gjennomføre «Det grøne skiftet» eller vil det forbli eit buzzord?

Det diskuterte ungdomspolitikarane under Tankesmien Agenda sin debatt på Kulturhuset torsdag. Temperaturen steig då dei diskuterte korleis vi skal gå over til det grøne skiftet.

Talsperson i Grøn Ungdom, Anna Serafima Svendsen Kvam, meiner at det med vår natur ikkje fins grenser for kva slags smarte løysingar vi kan finne på for å erstatte olja.

– Vi må flytte pengar frå oljenæringa. Det skal vi gjere ved å fjerne skatteføremoner som oljenæring framleis har og ta eit større utbytte frå Statoil. Pengane skal vi bruke til å skape rammetilhøve som gjer at kloke hovud i oljenæringa i dag kan utvikle nye løysingar og at andre næringar kan få leve og tene pengar utan at oljenæringa skrur opp eit kostnadsnivå som gjer det heilt umogleg å konkurrere med.

Miljøpartiet Dei Grøne tek til ordet for 250.000 nye jobbar i grøne næringar. Kvam seier dei skal kome fortløpande. Ho meiner ein skal bruke oljekrisa som ein kickstart for dette.

– Om vi ikkje gjer det sit vi med skjegget i postkassa når vi vert vaksne og det er sjukt urettferdig.

LES OGSÅ: – Det grøne skiftet er eit luftslott

 Temperaturen steig under ungdomspartileiardebatten i Kulturhuset på torsdag kveld. Foto: Ida Hundvebakke.

– Økonomisk krakk
Få parti var einige med Grøn Ungdom sin strategi, ei deira økonomiske forståing.

– De klagar over kor oljedopa dette landet er, før de seier at vi subsidierer oljen. Det er motsett. Vi investerer i olja fordi vi får det tidobbelte tilbake. 28 prosent av vårt statsbudsjett er oljefinansiert og då syns eg det er ganske merkeleg å seie det MDG seier. Samstundes ynskjer dei seks timars arbeidsdag og å halvere norsk oljeutvinning på fem år. Det heng ikkje i hop. Vi skal utdanne oss ut av det, vi skal innovere oss ut av det, og finne nye grøne løysingar. Med deira økonomiske politikk vil vi ikkje få ei langvarig omstilling, vi vil få eit økonomisk krakk, sa Sandra Bruflot, 1.nestleiar i Unge Høgre.

2. nestformann i FpU, Petter Melsom, kalla Grøn Ungdom sine planer luft og draumar.

– Det er 250.000 jobbar i det private næringslivet idag, som gir milliardar av inntekter. Det er eit dårleg svar til dei som jobbar i desse næringane å seie at arbeidsplassane skal leggjast ned utan nokon skikkeleg plan å erstatte dei med.

LES OGSÅ: – Eit grønt skifte kan utvide næringsgrunnlaget

Vil flytte folk og kapital
Kvam kontra med at det som er naive draumar er å tru at ein skal leve av olja også i framtida.

– Då har vi ikkje nubbesjanse til å unngå to graders global oppvarming og framleis ha jobbar i dette landet som vi kan leve av i framtida, og ikkje maks 10-15 år. Det er det som er luft og tåkeprat. Eg vil også seie at vi ikkje kan innovere og utdanne oss inn i framtida utan at vi flyttar menneske og kapital ut av den store sekken som sug til seg alt idag.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03
ANNONSE