Ei rullebane for småfly har stått på ynskjelista i Vågå mange år. Ny kommuneplan kan opne for småflyplass på dyrka mark.

Arve Danielsen, Fjuken
Arve Danielsen, Fjuken

Saka var først publisert i Fjuken.

Det er Norges luftsportsforbund som har spela inn forslaget om ein flyplass i kommuneplanen sin arealdel.

Luftsportsforbundet ynskjer å legge til rette for at riksanlegget for hang- og paragliding ved Sørem kan få utvikle seg. Det er ynskje om å byggje ei kortbane for småfly/seglfly på 800 meter, samt areal for nødvendige bygningar.

Da formannskapet diskuterte kommuneplanen i møte tysdag, var ein flyplass for småfly ved Sørem tema.

Formannskapet ynskjer ein kortbaneflyplass lagt på dyrka mark, eit sambruk mellom landbruk og luftsport. Forslaget går på at ein kan lande og lette med småfly, opptrekk av segfly, når slåtten av graset er gjort unna.

Som det vart understreka av politikarane; det er avgjerande av ein god dialog mellom dei forskjellige aktørane.

Kommuneplanen skal nå ut på ei ny høyringsrunde, før saka skal opp til ny politisk behandling.

Det er det nye kommunestyret som får planen til behandling seinare i haust.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

ANNONSE