Kan bli vanskelegare å bli dansk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha strengare språkkrav

Kring 1950 utlendingar busett i Danmark, som i dag er kvalifisert til statsborgarskap, risikerer å få avslag på søknaden sin dersom forslaget om strengare språkkrav går igjennom, melder den danske avisa Politiken.

I dag må søkjarar som vil oppnå dansk statsborgarskap oppfylle krav om å vere tidlegare ustraffa, samt bestå testar i dansk språk og kunnskap om det danske samfunnet.

Venstre og Dansk Folkeparti har kritisert dagens krav for å vere for slappe.

Dansk Folkeparti vil difor ha endringar så snart som råd og foreslår å strama inn danskkravet frå dagens nivå 2 til å dansk nivå 3. 

Faktaboks

Utlendingar som vil ha dansk statsborgarskap må oppfylle følgjande krav:

Erklæra truskap og lojalitet til Danmark

Gi avkall på ditt tidlegare statsborgarskap (dette kravet fell bort 1. september 2015).

Du må ha bupæl i Danmark og ha hatt uavbrote opphald i Danmark i to år (kravet gjeld ikkje for nordiske søkjarar eller folk av dansk avstamming).

Du kan ikkje vere sikta for lovbrot eller tidlegare straffa.

Du kan ikkje ha gjeld til det offentlege.

Du må vere sjølvforsørgjande.

Du må dokumentera danskkunnskapar gjennom ein bestått prøve i dansk nivå 2 eller tilsvarande (særskilte reglar for born og nordiske søkjarar).

Du må dokumentera kjennskap til danske samfunnsforhold, dansk kultur og historie via ein statsborgarskapsprøve (svensk- og norsktalande søkjarar er fritekne).

Kjelde: Det danske justisministeriet