– Positiv utvikling at fleire unge slepp til i politikken, seier ordførarkandidat Aleksander Egeli  (20) i Sokndal.

Svein Olav B. Langåker
Faktaboks

Her er kommunane med flest under 30 år på dei fem øvste plassane på vallistene:

Oslo kommune 18
Tromsø 17
Kristiansand 16
Bergen 16
Trondheim 15
Hamar 12
Stavanger 12
Sola 11
Nedre Eiker 10
Sokndal 10

LES FAKTALUKK FAKTA

Ti av dei øvste fem kandidatane til kvart av partia i Sokndal er under 30 år. Både Venstre og Frp har ordførarkandidatar på under 30 år. Aleksander Egeli (Frp) har nettopp fylt 20 år, og er glad for å få vera den yngste ordførarkandidaten i Sokndal.

– Fleire av partia i bygda går gjennom generasjonsskifte. Tidlegare frontperson i fleire parti tar ikkje attval, og dette opnar for fleire unge og dugelege kandidatar.

– Eg stiller på topp for å utvikla Sokndal vidare. Mykje godt har blitt gjort i kommunen dei siste åra. Eg vil vidarefører dette arbeidet.

– Kva kan du som ung tilføra politikken?

– Unge kan tilføra masse til lokalpolitikken. Kommunestyret vil kunna nå ut til innbyggjarane viss alle aldersgrupper er representert.

– Kva er det viktigaste du vil gjennomføra viss du blir ordførar?

– Som ordførar ville eg jobba målretta for å skaffa eit økonomisk grunnlag til å fjerna eigedomsskatten.

– Korleis er det å driva politikk?

– Politikk er utruleg spennande. Mulegheita til å påverka retninga lokalsamfunnet tek er utruleg gjevande.

– Kva meiner du om kommunesamanslåing i Dalane?

– Eg er skeptisk til ei kommunesamanslåing. Fallhøgda er stor for utkantane om ein får ei kommunesamanslåing på feil premissar. Alt kan ikkje sentraliserast til byen. Det er viktig å halda på gode primærtenester på bygda.

– Korleis driv du valkamp?

– Me i Sokndal Frp prøver å vera så synleg som mogleg. Dette involverer mykje aktivitet på Facebook, men òg tradisjonell stand utan lokalbutikken.

Finn ut meir om kommunen din under:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

ANNONSE