Julianne Ofstad blir Oslo sin yngste varaordførar nokosinne

– Det var ikkje heilt forventa frå mi side, men det er veldig stas, fortel den ferske varaordføraren.

Frida Tvedte Matre
Publisert

Måndag kveld blei det klart at Framstegspartiet fekk varaordførarvervet i Oslo etter at partiet sa ja til å samarbeide med Høgre, Venstre og Kristleg Folkeparti.

– Det var ikkje heilt forventa frå mi side, men det er veldig stas. Eg håpar å kunne nytte varaordførarrolla til å kunne setje fokus på saker som er viktig for meg. Det er eit veldig ærefullt oppdrag å få vere varaordførar i Oslo, og eg gler meg veldig til å ta fatt på oppgåvene, seier Julianne Ofstad over telefon til Framtida.no.

Det var Avisa Oslo som først melde om saka.

Med sine 25 år blir Ofstad den yngste varaordføraren i Oslo nokosinne.

– Det er veldig stas, men eg tenkjer ikkje så frykteleg mykje på akkurat det. Det er jo mest stas berre det å få lov til å vere varaordførar. Men det er klart at eg set pris på den tilliten det er at ein får jobbe i den posisjonen.

Vil løfte fram helsefeltet

Tysdag vart stadfesta at det er Anne Lindeboe (H) som blir den nye ordføraren i Oslo. Lindeboe og Ofstad blir formelt valt inn i dei nye rollene under eit møte i bystyret onsdag.

Under valet stod 25-åringen som tredjemann på Frp si liste. Ho har tidlegare sitte i sentralstyre til FpU, og leia ungdomspartiet sitt fylkeslag i Viken.

No skal ho kombinere varaordførarrolla med jobben som leiar i helse- og sosialutvalet i bystyret for Oslo. Å løfte fram saker på helse- og sosialfeltet kjem difor til å vere viktig for ho.

– Årsaka til at eg melde meg inn i politikken i utgangspunktet er eldreomsorg. Det håpar eg at eg kan bruke varaordførarvervet til å setje fokus på. Spesielt når ein har sett at det er ganske mange område i Oslo kor det ikkje står så bra til med eldreomsorga, så blir det veldig viktig å jobbe for at ein skal ha eit betre tilbod enn det ein har i dag. Der er det ein stor jobb å gjere, fortel ho.

Gler seg til å byrja

Ofstad ser fram til å setje seg inn i den nye jobben. Ho håpar å kunne bruke rolla til og møte folk for å få innspel på kva dei kan gjere for at Oslo skal bli ein betre by å bu i.

– Det kjem nok til å ta litt tid å komme seg på plass. Men eg gler meg veldig til å ta fatt på oppgåvene, både det å drive med politikk for Frp, men også i form av å vere varaordførar i Oslo. Reise rundt for å få innspel frå folk, og sjå korleis me kan følgje det opp i bystyret. Det blir veldig spanande, avsluttar ho.