Ein del av ideane til Hulda Garborg var rabiate og utopiske, men ho er den av nynorskingane me ser mest merke etter i dag, meiner Arnhild Skre, som no tek doktorgrad på nasjonsbyggjaren.

(NPK-Mari Torsdotter Hauge):
(NPK-Mari Torsdotter Hauge):

I stova i Enebakk utanfor Oslo står kaffien framme og bøkene tett. Avhandlinga ligg på stovebordet, full av små gule lappar og blyantstrekar. Det nærmar seg no. 4. september står Arnhild Skre i Gamle festsal på Universitetet i Oslo og forsvarer tolkinga av Hulda Garborg som ein høgst sjølvstendig, ytst moderne nasjonsbyggjar. Når ho går ut, er ho doktor i historie, og landets kanskje fremste ekspert på Hulda Garborg.

– Ho var ein nasjonal strateg, slår Skre fast. – Planane og ideane hennar for korleis Noreg skulle få ein særnorsk kultur med alt det innebar av teater, bunader, folkedans og norsk og utanlandsk litteratur på eige mål, var moderne, rabiate og fullstendig utopiske. Det er nesten umogleg for oss å forstå i dag, meiner ho.

LES OGSÅ: Bli ven med Arne og Hulda

Modernisator
Det er fire år sidan Arnhild Skre gav ut den omfangsrike biografien om bunadsinspiratoren, teatergrunnleggjaren, forfattaren og målforkjemparen frå Hamar. Hulda Garborg: Nasjonal strateg er ein murstein på nær 700 sider, og vart løna med den gjeve Brageprisen i 2011.

No har biografien fått eit etterskrift med tittelen Tilnærmingar, metode, drøftingar og val , der Skre drøftar korleis ho har tolka kjeldene, og kvifor ho ser på Hulda Garborg sine prosjekt som moderniseringsprosjekt.

– Hulda er den av nynorskingane som me oftast ser merke etter i dag. Ho var kreativ og leiken, ein kosmopolitt. Samstundes var ho handlekraftig og hadde stor evne til å få ting gjort. Ho kunne vera sliten og nervøs, men sjølv når dei andre trekte seg, var ho den som fekk ting gjennomført, seier Skre.

Arnhild Skre blir straks dr. Skre når ho disputerer for doktorgraden i historie på ei avhandling om Hulda Garborg i september. Foto: Mari Torsdotter Hauge/NPK

Strateg
Biografien om Hulda Garborg vart til mellom anna etter at Skre hadde lese Rune Slagstad si epokegjerande bok om norsk historie, Nasjonale strateger , der Hulda Garborg rett nok var med, men der omtalen ikkje var særskilt omfattande

Tradisjonane etter norskdomsrørsla Garborg var ein del av, har likevel vore med Skre mykje lenger. Ho er fødd på Voss med ei mor som var etnolog og forfattar, og ho er fjerde generasjon nynorskbrukar.

– Fleire generasjonar enn det går det vel knapt an å vera. Oldemora mi var ein ekte Hulda-fan, ei av den typen som Aslaug Nyrnes kallar 'det nynorske menneske', fortel Skre.

I arbeidet med biografien om Garborg har Skre sete lange timar på lesesalen på Nasjonalbiblioteket, bøygd over dagbøkene og den omfangsrike brevsamlinga etter Hulda Garborg.

– Det er jo av dei låge gledene det, å sitja og lesa andre sine brev. Og Hulda skreiv så morosamt, det er alvor, men samtidig noko så lett i tilnærminga hennar. Ho skreiv dagbok i 31 år, skreiv nesten kvar dag. Det vart nitti hefte.

LES OGSÅ: – Håpar diktarånda får leva i Hauge-senteret

Nasjonsbyggjar
Mange har peika på pågangsmotet og evna til å få ting til å skje blant Hulda Garborg sine viktige nasjonsbyggjar-eigenskapar, men Skre vil også trekkja fram ei anna evne: Hulda var flink til å leggja tapte saker bak seg.

– Ho var ikkje ei som rugde på ting og var bitter. Var saka tapt, var ho tapt, så var det om å gjera å gå vidare. Hulda var jo republikanar i 1905 og ville ikkje ha kongehus. Særleg mislikte ho at ein dansk prins kunne bli norsk konge, fortel Skre.

– Men i 1905 blei det klart at republikanismen var ei tapt sak i Noreg. Hulda aksepterte det og gjekk vidare. Seinare i livet kunne ho strekkja seg så langt som til å omtala Haakon og Maud som «to søte unge menneske,» ler Skre.

Rustiflagget
Ei anna tapt sak frå unionsoppløysingstida var kampen om det norske flagget. Både Hulda og Arne Garborg høyrde til den radikale minoriteten som ikkje kunne tenkja seg eit norsk flagg bygd på det danske, berre «tilført» eit blått kristenkors.

Flaggmotstandarane hadde funne fram til eit enklare flagg i raudt og gult, som ein meinte hadde vore i norsk bruk i mellomalderen. Kunstmålaren Olav Rusti utferda flagget, og dette «Rustiflagget» tok Hulda til orde for at Noregs Ungdomslag skulle ta i bruk. Den saka tapte ho raskt, men det raud-gule flagget vaia over villaen på Labråten, garborgane sin heim. Sjølv om ho innsåg nederlaget i flaggsaka, trong jo ikkje Hulda Garborg heilt å innretta seg, heller.

Då ho døydde i 1934 var båra hennar drapert med det raudgule Rustiflagget.

LES OGSÅ: Tatervenen som fekk Garborg på rett side

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

Kommentarar

ANNONSE