Skarpladd konsekvens

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget var først publisert i Universitas.

Venstre og KrF, partia som skal støtta den sittande regjeringa, har med rette byrja å stilla kritiske spørsmål til justisminister Anders Anundsen (FrP). Førebels væpning av politiet er på veg til å bli permanent, sjølv om det ikkje er fleirtal i Stortinget for ei politistyrke som går rundt med ladde våpen.

For berre eit halvt år sidan, før instruksen om førebels væpning vart ein realitet, vart politibetjentar væpna gjennomsnittleg ein gong om dagen – i heile landet. I dag er det dagleg 6500 politibetjentar som går i gatene med ei kule i kammeret. Det bør visa igjen i våpentreninga til politiet, men så langt har ingenting skjedd.

LES OGSÅ: Politiet skal framleis bæra våpen

Politibetjentar som blir uteksaminert i dag er ikkje komfortable med å bruka våpen – det seier dei sjølv. I dag får politistudentar 103 timar praktisk våpenopplæring i løpet av tre år. Treninga sisteåret skjer tidleg på skuleåret eller rett før jul. Ei undersøking Politihøgskulen sjølv har gjort viser at 1 av 10 politistudentar i liten grad, eller ikkje i det heile tatt, føler dei har nok kompetanse til å vera på IP4-nivå, som betyr å bera våpen i aktiv teneste. Over halvparten sa at dei berre i nokon grad har den kompetansen. Det var også før politiet byrja å gå med våpen dagleg.

Med andre ord: Når studentane er uteksaminert og går ut i jobb meiner godt under halvparten at dei er godt budde til å hamna i ein situasjon der dei treng våpen. I eit politivesen som allereie gjer ein viktig jobb med lite ressursar, er det vanskeleg å gjennomføra våpentrening i arbeidstida – ikkje minst om treninga skal vera tilstrekkeleg.

LES OGSÅ: For lite skyting på politihøgskulen

Robert Mood, generalløytnant i Hæren, og absolutt ein mann å lytta til når det kjem til bruk av våpen, gjekk ut i Dagbladet i førre veke og kalla væpninga av politiet ein dårleg idé. Frå eigen erfaring er han tryggare utan våpen, seier han – og viser at bruk av våpen er siste utvei, ikkje eit naturleg førsteval.

Mood forklarar at ein treng eit skyhøgt nivå med våpentrening for å kunne avgjera om ein faktisk skal skyta og så treffa det ein siktar på, når pulsen er høg og alt skal skje på få sekund. Det er krevjande nok for spesialstyrker – endå verre for politibetjentar i kvardagen. Avsløringane om vådeskot i politiet er eit openbart teikn på at norsk politi ikkje har god nok våpentrening i dag.

På nyheitssidene våre denne veka kan du lesa at Politihøgskulen ikkje endrar rutinene sine for våpentrening som ei følgje av debatten om førebels væpning. Dei meiner det er lite som skil bering og bruk når det først skal berast.

Om me skal ha væpna politi i Noreg – i strid med kva Stortinget ønskjer og råd frå dei som faktisk veit kva det betyr å bruka eit våpen – bør prosessen starta i utdanninga. Det er lite som tyder på at trusselnivået skal endra seg radikalt i nær framtid, og det justisminister Anders Anundsen driv med no kan kallast «snikvæpnifisering». Då er det endå meir alvorleg at ferske politifolk ikkje er komfortable med eit skarpladd våpen på hofta.