Sp-kommunar kjem godt ut i kåring

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det fortel Nationen, som viser til Kommunebarometeret til Kommunal Rapport. Med tal henta mellom anna frå Statistisk sentralbyrå (SSB) samanliknar barometeret kommunane ut frå mange faktorar, som kostnadsnivå, økonomi, eldreomsorg, barnevern og grunnskule.

Ifølgje avisa syner barometeret at det i snitt er kommunar drivne av Senterparti-ordførarar som blir best drivne. Men vinnaren av kåringa i år var likevel Oppdal, som har Ap-ordførar.

Sp-kommunen Gloppen i Sogn og Fjordane har alltid lege høgt på Kommunebarometeret, og i år blei dei nummer to.

Ordfører Anders Ryssdal seier til avisa at han mener det skuldast at kommunen er mellomstor med rundt 5800 innbyggarar, og at dei har ei drift som er godt tilpassa.

– Det har alltid vore stor politisk semje om dei store politiske sakene. Det gir ein god politisk plattform, seier han til Kommunal Rapport.