Koding blir valfag i ungdomsskulen

Regjeringa opnar no for forsøk med programmering som valfag.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå neste år kan programmering koma på timeplanen ved opptil 20 skular rundt omkring i landet.

– Koding har vore etterspurt som fag i skulen. No kan skular over heile landet søkja om å delta i eit prøveprosjekt med programmering som valfag. Det ligg mykje matematikk i koding, og ikkje minst kan det inspirera elevane til å interesserast i ei utdanning innan teknologiske fag, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Pilotprosjektet startar skuleåret 2016/17 på skular som ønskjer å delta. Utdanningsdirektoratet får i oppdrag å utarbeida ein mellombels læreplan for det nye valfaget.

– Me ser for oss at mellom 10 og 20 skular vil plukkast ut til å vera med. Skulane som deltar kan få i oppgåve å dela røynslene sine og utarbeida undervisningsopplegg som andre skular kan ta i bruk, seier kunnskapsministeren.

Eit prosjekt med programmering som valfag vil leggja til rette for systematisert kunnskap. Det vil òg kunna bidra til at programmering som fagområde blir styrkt.

– Prosjektet med programmering som valfag må sjåast i samanheng med den nye realfagstrategien «Tett på realfag». Dette er ein overordna strategi for arbeidet med matematikk, naturfag og teknologi i skule og barnehage frå 2015-2019, understrekar Røe Isaksen.

Les også: Slik blir satsinga på realfag