Det er medmenneske som druknar

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget var først publisert i avisa Vårt Land.

Den britiske utanriks­ministeren, Philip Hammond, sa i eit ­intervju for ei dryg veke sidan: «Europa kan ikkje verne seg sjølv, sin levestandard og sosiale­ struktur dersom vi må absorbere millionar av immigrantar frå Afrika».

Sitatet, frå ein elles velsedd og respektert politikar, viser korleis enkelte vil skape eit «oss» og eit «dei» i debatten om menneske på flukt. Det er i realiteten ein kamp mellom totalt motstridande menneskesyn. Kva menneskesyn som vinn fram vil ha enorme konsekvensar for dei som legg ut på flukt – i ei tid der det ikkje har vore fleire flyktningar sidan andre verdskrig.
Heilskinna. I juni var eg på dei italienske strendene og hamnene for å sjå med eigne auge korleis italienske styresmakter reddar livet til titusenvis av menneske. Det var sterke inntrykk når flyktningane kom i land, og ein kunne sjå dei fortvila andleta på folk som hadde kome seg heilskinna gjennom den livsfarlege sjøreisa frå kysten av Libya.

LES OGSÅ: Vi hugsar krisene i nyheitsbiletet

BRUTALT. Dette er menneske som hadde­ gjort eit brutalt reknestykke: ­Anten kan dei halde fram å leve i krig, undertrykking eller ­ekstrem fattigdom, elles kan dei risikere livet i forsøket på å få ei betre framtid. Eg møtte flyktningar som sa det var betre å døy i forsøket, enn å halde fram liva sine i det lovlause Libya. Desperasjonen er ikkje mogleg å førestille seg for oss som ikkje står med ein revolver mot hovudet.

Mange nådde aldri fram, og enda sine dagar i den våte grava­. Også i sommar har det kome meldingar om flyktningar som ikkje nådde fram til den trygge hamna på Sicilia, men som kanskje sat i ein alt for liten fiskebåt som til slutt gav etter for tyngda av fleire hundre flyktningar ute på ope hav. Barn, kvinner og menn med framtidsdraumar som kanskje aldri fekk sjå det europeiske fastlandet dei lengta etter.

Vi kan ikkje setje desse enkeltskjebnane opp mot kvarandre. Likevel var det ei spesiell historie som gjorde ekstra sterkt inntrykk på meg: Historia om ­guten med Selbu-lua. Det var ­guten som vart tatt bilete av medan ein gresk fiskar bar han i land. Guten hadde reist med mor si frå Eritrea. Han fekk ikkje bli meir enn seks år gamal. Det var han som aldri fekk oppleve den stabiliteten og tryggleiken mora hans søkte for han i Europa.

Dei to var på veg hit. Til Norge­. På Hitra i Trøndelag hadde dei høyrt at det var så flott, fordi ­politiet ikkje jakta opposisjonelle­ og fordi det var mat i butikk­hyllene. Guten måtte ikkje ­førebu seg på ei årelang eritreisk ­militærteneste så snart han fylte atten år.

LES OGSÅ: Syria: Eit folk på flukt

Lukkejeger. Det er desse menneska som vert kalla lukke­jegerar, av mellom andre Frp og andre innvandringskritiske røyster. Som om det er ei skulding. Som om ikkje alle av oss vil gjere det vi kan for å skape ei best mogleg framtid for våre born og vår familie. Som om det er eit brotsverk å søke det einaste­ rasjonelle i ein slik ­situasjon: tryggleik og framtid i ein verdsdel som kan tilby nettopp det.

I mitt hovud er lukkejeger eit nydeleg ord. Det fortel ei historie om nokon som har trua på framtida for seg og sine – og som ikkje slår seg til ro med urettferd og elendige framtidsutsikter for seg og sine. Men kanskje kjem skuldinga frå dei som ikkje vil ha flyktningane hit fordi det er vår lukke dei søkjer? Våre ­arbeidsplassar, våre bustader, våre kommunar, vår stabilitet og våre velferdsordningar. Det er kanskje derfor britane sin utanriksminister og Frp er så kritiske til å ta dei hit til vårt Europa. Som om vi nordmenn har ein medfødd menneskerett til verdas beste velferdstenester fordi vi tilfeldigvis vart fødd i Norge, og at det ville vere utenkeleg å senke denne noko for at fleire skulle få ta del i den.

På turen til Italia vart eg ­imponert over det som møtte­ meg, uansett om eg snakka med flyktningar, politikarar eller hjelpe­organisasjonar. Alle hadde ei klar haldning om at når menneske druknar ute i Middelhavet, så var det berre å brette opp ermene og hjelpe dei. «Fordi det er våre medmenneske som druknar der ute. Derfor har Italia redda over 170.000 menneskeliv».

Kontrasten var så tydeleg til det som skjedde heime i Norge­, der det nesten vart snakka om regjeringskrise på grunn av ­nokre tusen flyktningar. Italienarane sat seg ikkje ned og vurderte situasjonen, sjekka om det var nok pengar i statskassa eller nok plass på italienske mottak.

Nei, dei sette berre i gong med å redde liv – fordi det er det medmenneske gjer mot kvarandre. Det same har Libanon, Jordan og Tyrkia gjort. Og Sverige som eit heiderleg nordeuropeisk unntak.

LES OGSÅ: Fekk opphald og snart får dei hus

Vil halde fram. Flyktningstraumane over Middelhavet er ikkje eit nytt fenomen, og det vil ikkje forsvinne av seg sjølv. Så lenge det finst krig og urettferd vil det kome fleire flyktningar, og då er spørsmålet om vi ser på desse flyktningane som framande eller som medmenneske. Som trugsmål mot vår velferd og stabilitet, eller som deltakarar i den. Brutalt sagt er det eit spørsmål om egoismen eller nestekjærleiken vinn. Om det er eit «oss» og «dei», eller om vi alle har eit ansvar for eit større «vi». Om det ikkje er eit forsvar av menneske­slekta å kjempe for det medmenneskelege i ei tid der denne verdien er så tydeleg under åtak.

Kvart andre sekund vert eit menneske i verda drive på flukt. I motsetnad til retorikken om at Europa druknar av flyktningar, er fakta at berre ein av ti flyktningar flyktar til eit industrialisert land. Det største ansvaret, med ni av ti flyktningar, er det dei fattige landa som tar.

Det er svært bra at norske styres­makter sende redningsskipet Siem Pilot til Middelhavet, og at Redningsselskapet også sende ein båt. Det har redda hundrevis av menneske. Likevel er det ikkje det som vil løyse dei langsiktige problema med flukta desse menneska legg ut på.
Vi må ha fleire tankar i hovudet samstundes, både med hjelp i nærområda og meir hjelp til å vende heim. Kanskje bør til og med lovlege fluktruter til ­Europa vurderast. Her er det så langt få gode svar eller løysingar tilgjenge­lege, men kanskje løysingane og svara kjem.

Flyktningane vil halde fram med å kome, sjølv om vi sluttar å redde dei eller nektar å ta dei imot. Dei flyktar ikkje for moro skuld. Så det første vi må gjere i Norge og Europa er å skape oss ein meir human og menneskeleg asyl- og flyktningpolitikk.

Den må starte med ein retorikk som behandlar flyktningane som medmenneske – ikkje framande.