Nytt forslag om søndagsope frå Venstre
Venstre legg fram ein ny modell som partiet håpar kan løyse den vanskelege striden mellom regjeringa og samarbeidspartia om søndagsopne butikkar, ifølgje Aftenposten.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Foreslår løysing på søndagsfloka
Regjeringa ønskjer å opne for søndagsopne butikkar, men KrF er sterkt imot dette. Venstre har hittil meint at kommunane sjølv må få bestemme om dei skal ha søndagsopne butikkar eller ikkje.
LES OGSÅ: Hareide rustar til søndagsslag
I dag har kommunar som er definerte som «turiststadar», unntak frå forbodet mot søndagsope. I det nye forslag foreslår Venstre-leiar Trine Skei Grande at kommunane sjølve bør overta ansvaret for å bestemme kva som skal vere turiststadar, etter bestemte kriterium, skriv Aftenposten.
Grande erkjenner at dette er langt frå det standpunktet Venstre har i sitt program.
– Høyringa har vore soleklar på at ein ikkje ønskjer noko generell opning. Det har heller ikkje Venstre vore for. Men vi har også møtt motstand mot å flytte meir makt til kommunane, seier Grande til avisa. (©NPK)
LES OGSÅ: Fryktar søndagsopne butikkar vil svekkja distrikta