«Gutta på golvet» flyktar frå Frp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland.

Grasrota i Industri-Norge gjev regjeringspartiet Frp liten tillit på meiningsmålinga Ipsos MMI har utført blant medlemmene i det største private LO-forbundet, Fellesforbundet. 1.201 medlemmer er blitt spurt om sitt partival. Arbeidarpartiet får rekordhøge 63 prosent oppslutnad, medan Framstegspartiet berre får 11 prosent, halvering samanlikna med ei liknande måling i 2011, skriv VG.

– Total mangel på handlekraft
– Ap har alltid stått sterkt i Fellesforbundet, men aldri så sterkt som no. Frp har gått på ein skikkeleg smell, seier leiar Arve Bakke i Fellesforbundet til VG.

Leiar Atle Tranøy i Fellesforbundet Sunnhordland er ikkje overraska over målinga.

– Folk har etter kvart fått augo opp for kva verknad regjeringa og Frp sin politikk gjer. Medlemmene våre meiner næringspolitikk er viktig, og særleg dei store bransjane som leverandørindustri innan olje og gass og maritim industri. Det me ser no er total mangel på handlekraft frå regjeringa, seier Tranøy til Sunnhordland.

LES OGSÅ: Lien: Inga krise i oljeindustrien

Blir ikkje høyrt
Fellesforbundet Sunnhordland har om lagt 2.400 medlemmer, og av dei er 1.700 yrkesaktive.

– Det har komme forslag på tiltak frå opposisjonspartia, men dei blir diverre ikkje følgt opp. Me ser det òg i arbeidslivspolitikken generelt. Dei strammar inn permitteringsregelverket, men me meiner det no er behov for lemping. Men det er ingen signal på at regjeringa vil gje etter for det.

 «La dei få prøva seg»
Regjeringspartiet Høgre får 12 prosent oppslutnad på målinga. I 2013 var talet 21 prosent. Målinga blei teken opp i juni.

Atle Tranøy seier han har vore overraska over at så mange av medlemmene tidlegare har uttrykt støtte til Framstegspartiet.

– Haldninga har vore «la dei få prøva seg i regjering». Men no har dei sett korleis det gjekk, og dei er ikkje nøgde.

LES OGSÅ: Tretten kommunar jobbar ikkje med olje

Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (Frp) seier til VG at han ikkje er samd om årsakene til det store fallet for Frp.

– Ei årsak til tilbakegangen kan vera at LO kan ha lukkast i å skapa eit inntrykk av at me tek frå medlemmene gode. Det er feil. Me ønskjer tvert imot å gje dei større råderett saman med sine lokale tillitsvalde, som vil gje større fridom og eit moderne arbeidsliv dei vil setja pris på, seier han til avisa.

Faktaboks

Slik var oppslutnaden blant dei fagorganiserte:

Arbeidarpartiet: 63 prosent

Høgre: 12 prosent

Frp: 11 prosent

Sp: 5 prosent 

KrF: 2 prosent

SV: 2 prosent

Venstre: 1 prosent

Miljøpartiet Dei Grøne: 1 prosent

Raudt: 1 prosent

Andre: 1 prosent