Sp: – Livsfjernt forslag frå NHO

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Livsfjernt forslag

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) ønskjer å kutte dramatisk i talet på kommunar i Noreg, og meiner det beste for landet vil vere å kutte frå 428 kommunar i dag til 77, skriv VG.

Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum seier til NTB at det er livsfjernt frå NHO å hevde at 77 kommunar vil gi betre tenester for folk rundt i heile landet.

– Det vil bli enorme avstandar i desse såkalla regionkommunane, og forslaget er heilt frikopla frå fakta om korleis kommunane løyser oppgåvene sine i dag, seier Vedum.

Han seier NHO har ei blind tru på at ting blir betre berre det blir sentralisert.

– NHO og Høgre har ikkje noko fagleg belegg for å hevde at dei mange små og mellomstore kommunane løyser sine oppgåver dårlegare enn dei største. I eit mangfaldig land som Noreg treng vi ein mangfaldig kommunestruktur og vi må ha tillit at folk som kjenner den lokale verkelegheita, er dei som skal styre eventuelle kommunesamanslåingar, seier Sp-leiaren.

Han oppfordrar NHO-leiar Kristin Skogen Lund til å «legge bort tvangstankane sine» og sette seg inn i fakta om korleis dei ulike kommunane løyser oppgåvene sine i dag. (©NPK)