Svelt på grunn av snus
Tobakksbønder klarer ikkje brødfø familien difor ber Framtiden i våre hender nordmenn om å slutte med snus.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er ikkje sånn at me nødvendigvis angripar dei som bruker snus. Utfordringa er at dei som produserer snusen din, aldri blir stilt til ansvar for problema tobakksindustrien skaper for mange menneskjer, seier Arild Hermstad, leiar i Framtiden i våre hender til avisa Vårt Land.
Han viser til ei studie frå Kenya som har sett på tilhøva for 385 bønder. Blant dei 216 bøndene som dreiv tobakksproduksjon svara 66 prosent at dei ikkje tente nok til å brødfø familien sin, medan 27 prosent av dei resterande bøndene hadde same problem.
Kvart år vert millionar av tonn råtobakk dyrka på millionar av hektar jord, som elles kunne vorte brukt til brødfø mellom 10 og 20 millionar menneskjer.
I tillegg til å okkupera matjord og underbetala bøndene, vert tobakksindustrien kritisert for massiv avskoging og bruk av farlege kjemikaliar.