Rekordmange fekk studieplass
I år har rekordmange søkt og nesten 89.000 fått tilbod om studieplass i første opptaket. Men framleis er det ledige plassar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I desse dagar kan ein observere store grupper ungdommar som går rundt i gatene – gjerne med ballongar eller fargerike t-skjorter.
I år søkte heile 127.900 personar seg til høgare utdanning. Det betyr at 8.000 fleire søkjarar enn i 2014, eller ei auke på om lag sju prosent.
Aller flest studentar søkte seg til rettsvitskap ved Universitetet i Oslo, følgt av siviløkonomutdanning ved Norges Handelshøyskole og rettsvitskap ved Universitetet i Bergen.
Lærar, sjukepleiar og realfag er blant utdanningsområda som kan gle seg over auka popularitet.
LES OGSÅ: Rekordmange får tilbod om lærarutdanning
I snitt kjempa kring to studentar om kvar studieplass og i sommar fekk rekordmange den gledelege nyheita om at dei var kome inn.
– Nesten 89.000 søkjarar har fått tilbod om studieplass i hovudopptaket. Me er nøgd med å kunne sende ut tilbod til så mange av dei som har søkt høgare utdanning gjennom Samordna opptak, sa avdelingsleiar i Felles studieadministrativt tenestesenter, Geir Sverre Andersen, då i ei pressemelding.
Det betyr at over 4.000 fleire studentar har fått tilbod om plass i år. Seks av ti plassar gjekk til kvinner, som i år igjen dominerer dei høgare utdanningane.
Har du enno ikkje fått plass på eit studie kan du framleis søkja på 242 ledige studieplassar på restetorget til Samordna opptak.