Folkebiblioteka skal få støtte til fleire arrangement og til låna ut digitalt innhald.

mm

Kulturminister Thorhild Widvey lanserte onsdag Nasjonal bibliotekstrategi, saman med direktør i Nasjonalbiblioteket Aslak Sira Myhre.

Det blir ein ny og enklare modell for utviklingsmidlar skal utvikla biblioteka som debatt- og litteraturhus. Til saman blir det lyst ut utviklingsmidlar for 22,5 millionar kroner for siste del av 2015.

I tillegg skal fleire e-bøker og meir digitalt innhald som til dømes dataspel skal gjerast tilgjengeleg i folkebiblioteka.  Og Nasjonalbiblioteket får i oppgåve å ta seg av meir av den digitale infrastrukturen til biblioteka.

LES OGSÅ: Biblioteka har mista éin av seks brukarar

Vil forma biblioteka for eit nytt hundreår

– Regjeringa vil bidra til at folkebiblioteka blir kulturarenaer for framtida. Strategien følgjer opp auken i utviklingsmidlar frå staten, og er bidraget vårt til å stimulera det framtidsretta arbeidet som allereie blir gjort i heile landet. Biblioteka er av våre best likte og mest brukte kulturinstitusjonar. Me ønskjer pulserande bibliotek som spreier informasjon, kunnskap og kulturarv. Biblioteka er samstundes arenaer for samtale, refleksjon og danning som er tilgjengeleg for alle, seier kulturminister Thorhild Widvey i ei pressemelding frå Kulturdepartementet.

Til NTB seier ho at det no er opp til kommunane å satsa på biblioteka.

– Denne strategien gjev oss høvet til å forma biblioteka for eit nytt hundreår. Eg ser fram til å byrja arbeidet allereie i morgon, seier direktør i Nasjonalbiblioteket Aslak Sira Myhre.

Få nyhendebrev med siste boknytt her!

Sjå video frå presentasjonen her (frå 42 min):

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03
ANNONSE