– Bør sjå mot Sogndal

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I utgangspunktet meiner eg regjeringa startar i feil ende. Samanslåingane kjem før innhaldet i reforma, sa Trond Giske (Ap), leiar for kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, då han besøkte Høgskulen i Volda måndag.

Den profilerte Ap-politikaren og fekk orientering om reformarbeidet frå høgskuleleiinga. Det var Volda Arbeidarparti som tok initiativ til besøket.

Allianse, ikkje samanslåing

Høgskulen i Volda har ikkje planar om samanslåing, men arbeider med ein høgskuleallianse med Høgskolen i Lillehammer og Høgskolen i Molde. Desse planane fekk Giske orientering om.

– Dette er tre regionale høgskular med ein solid forskingstradisjon og mange faglege kontaktpunkt. Vi var veldig glade for at eit samrøystes Storting vedtok støtte til planane før sommaren, men i ettertid har vi vorte litt usikre på kva kunnskapsministeren (Torbjørn Røe Isaksen, H, red.merk.) eigentleg meiner, forklarte rektor Johann Roppen.

Bør inkludere Sogndal

– Dette blir ei slags foreining av dei som ikkje vil høyre til i ei foreining, kommenterte Giske om planane.

Han gav uttrykk for at eit tettare samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) er naturleg.

– Det som er viktig for meg, er ikkje å slå saman flest mogleg skular, men at fagmiljøa finn kvarandre og samarbeider. Høgskulane i Volda og Sogn og Fjordane har begge lærarutdanningar, og det er naturleg at desse søker mot kvarandre. Det er viktig for oss at det framleis skal vere desentraliserte lærarutdanningar i landet, og at desse blir styrka, sa Giske.

Arne Myklebust, dekan for humanistiske fag og lærarutdanning ved HVO, påpeikte at det er svært viktig for regionen at det blir utdanna lærarar til skulane i området.

HiSF er invitert med i allianseplanane, men har førebels valt å stå utanfor.

– Eg trur nok dei aller helst vil stå åleine. Dei fryktar at tilbodet i Sogn og Fjordane skal kome i ein skvis mellom Volda og Bergen, særleg når det gjeld lærarutdanninga, sa Jørgen Amdam, professor ved Høgskulen og leiar og ordførarkandidat i Volda Ap. 

Giske ville også vite meir om innhaldet i allianseplanane.

– Det har ikkje vore diskutert så mykje enno, men vi vil bruke hausten til å planlegge innhaldet i alliansen. No er vi inne i ein overgangsfase, med rektorskifte både i Volda og på Lillehammer, forklarte Johann Roppen.

Les saka i Møre-Nytt!