– Aktive feriar er i vinden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kombinasjonen av spennande opplevingar og moglegheita til fysisk utfalding er veldig populært, ifølgje reiselivsorganisasjonen.

– Vi ser at nordmenn ønskjer å oppleve mest mogleg når dei er på ferie, samtidig som dei vil vere fysisk aktive. Med vår fantastiske, spektakulære natur med fjord og fjell, by og land, og dyktige tilbydarar av aktivitetar står Noreg i ei særklasse når det gjeld dette, seier administrerande direktør i NHO Reiseliv Krohn Devold.

LES OGSÅ: Fleire vert lokka til fjells

– Fleire tilbod
NHO Reiseliv viser til at nettopp opplevingsbransjen er den bransjen som veks raskast av alle bransjar i reiselivsnæringa.

– Her har det skjedd ein liten revolusjon innan utvikling av nye aktivitetstilbod og det er kome mange tilbod av høg kvalitet. Dette er selskap som tilbyr alt frå kajakkpadling i midnattssol til ribsafari, toppturar, sykkelturar eller fuglekikking, Lokalkjente guidar stiller med alt av utstyr og gjestene får god opplæring og ei oppleving som er sosial og gøy, seier Krohn Devold.

LES OGSÅ: Gründer på fottur

Har jobba systematisk
Administrerande direktør i Fjord Norge Kristian Jørgensen seier dei har jobba systematisk med aktiv turisme dei siste seks-sju åra.

Han viser til at aktive feriar ikkje treng handle berre om dei tøffaste utfordringane, men også kan dreie seg om aktivitetar som gåturar og smaksopplevingar.

– Fleire operatørar som leverer rundturar tek fleire aktivitetar inn i turane. Aktivitetar blir ein del av opplevinga. Å sitje passiv på ein buss er ikkje lenger det turistane ønskjer, seier Jørgensen. (©NPK)

LES OGSÅ: Vil gjere det enkelt å kome seg ut