– Ein må få fram det unike for å overleva

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årdal: På Svalheim gard i Utladalen finn Porten.no Karl Seglem inne på låven på i lag med musikarane Lars Jakob Rudjord frå Farsund og Kåre Opheim frå Voss. Det er onsdag kveld og få minutt før intimkonserten og opninga av Målrock 2015. Likevel tek Seglem seg tid til ein prat. 

Les også: Henta til gards den trolske fjellmagien

Seglem tok tidleg kontakt med Målrock, då det var klart at han skulle gi ut bukkehornplata "Lærad" i haust. Han fortel at han tykte at heimbygda Årdal måtte vera ein flott plass å presentere plata. 

Vil skapa ein tradisjon
Seglem fortel han tenkte mest på Skåri, men så hadde festivalsjef for Målrock Katrine Fredheim hatt kontakt med Kristoffer Nystedt, i Utladalen Opplevelser og dei tre møttest. 

VEGEN Å GÅ: Årets nye friluftsramme rundt Målrock er vegen festivalsjefen Karine Fredheim vil ta framover. Foto: Ina Eirin Eliassen

– Det er fantastisk at tanken i mars om eit lite opplegg på onsdag kveld, har vorte til denne konserten med Seglem her på Svalheim gard. Det er denne vegen me vil ta framover. Målrock skal ikkje berre vera ein fest i Meieriparken på Årdalstangen, seier Fredheim. 

Ho ønsker at Målrock, med den nye friluftsramma rundt arrangementet, kan vera med slik at folk kjem og blir ei heil veke i Årdal om sommaren. 

– Me håpar å vera med å starta ein tradisjon der me kjem hit kvart år for å spela nye konsept. Det kjennes veldig riktig å spela her, ikkje minst i desse omgivnadene, seier Seglem. 

Trur ikkje alle festivalar vil overleva
Seglem tykkjer det er alt for mange like festivalar i Noreg, der mange artistar reiser rundt med same pakke frå festival til festival. Han har ein teori om at om kring fem til ti år, er det mange færre festivalar att i Noreg enn i dag. 

– Om festivalar skal overleva og ha ein sjanse, må ein gjera akkurat kva ein gjer no under Målrock. Ein trekker til seg nytt publikum ved å utvida festivalkonseptet med opplevingar som er unike for plassen. Dei festivalene som klarar det er nok dei vil overleva, seier han. 

– Proffare enn eg kunne drøymt om
Porten.no finn ein litt stressa Kristoffer Nystedt, i Utladalen Opplevingscamp, bak baren på Svalheim gard like før konserten. Etter fjellturen tidlegare på dagen, har Nystedt gått rett i rolla som vert. 

Han rosar både Fredheim og Seglem for innsatsen dei har lagt ned for å få til den lokale ramma rundt festivalen. 

– Det har vorte mykje proffare enn eg kunne drøymt om, seier han. 

Les saka i Porten.no!

VERT: Kristoffer Nystedt i baren på Svalheim gard på Utladalen camping. Foto: Ina Eirin Eliassen