Maria Nikkinen Rørstad (28) har gjort hobbyen til levebrød og hjelper vanskelegstilt ungdom til ein betre kvardag på heimgarden i Skjåstaddalen.

Janne-Marit M. Falch, Møre-Nytt
Janne-Marit M. Falch, Møre-Nytt

Gjennom barnevernet tek Maria i mot vanskelegstilt ungdom frå Ålesund i nord til Stryn i sør. Kvivsvegen gjorde sitt til at ho torde å satse. Omlandet vart større. På garden får ungdomane eit tilpassa tilbod, alt etter kva dei treng og har kapasitet til å gjere. Dei faste gjeremåla og rutinane handlar om mating av alle dyra. Deretter handlar det om familieliv. Maria, sambuaren Torbjørn Saure Hoel, og resten av familien tek dei gjerne med seg på fisking, fjellturar eller ulike arrangement som går føre seg i nærmiljøet. Dei kan vere der på dagtilbod, eller dei kan vere der ei heil helg. Men dei er aldri fleire enn at Maria har kapasitet til å sjå alle. Til å lære dei å kjenne. I store grupper har dei med seg fleire vaksne.

– Alt det som vi tek for gitt som «normalt» i eit familieforhold er ikkje nødvendigvis normalt for alle andre. Dessverre, må eg vel seie, er det mange som har behov for eit slikt tilbod.

For tida er Maria i permisjon. Då må ungdomane vente. Men det er ikkje verre enn at nokre av dei stikk innom, grillar med familien, helsar på eller bed om oppdateringar om korleis det går med dei og dyra. Grensene er det Maria sjølv som må setje, og ho er villig til å strekkje seg langt.

– Eg hadde aldri jobba så hardt om det ikkje hadde gitt meg noko. Eg har nesten aldri fri, men kvardagane med dei unge er berikande og gir meg inspirasjon til å jobbe vidare.

Maria Nikkinen Rørstad har 15 høner på garden. Foto: Janne-Marit M. Falch

Hos Maria

Undervegs i studiane for å verte barnevernspedagog, brukte Maria mykje tid på kursing, nettverksmøte og bakgrunnssjekkar for å finne ut av korleis ho kunne starte sitt eige firma. For fire år sidan satsa ho. Under namnet «Hos Maria» har ho funne sitt levebrød.

– Det gjekk veldig bra veldig fort. Eg hadde fullt opp i løpet av det første året. No har eg drive i fire år, og også som besøksgard for ålmenta i samband med andre arrangement på Bjørke.

Dyr som terapi

Hunden Lilli følgjer Maria overalt. Ho er ei viktig brikke i møtet med ungdomane.

– Lilli er ein viktig kollega. Det eg driv med er dyreassistert terapi med fokus på hest og hund. Lilli er ein sensitiv type, og ho er dønn ærleg i kropsspråket. Ho er gull verdt i arbeidet med menneske.Skal du spele på lag med Lilli må du vere stabil og vennleg, viss ikkje vil ho ikkje vere saman med deg.

Og her ligg mykje av essensen i arbeidet til Maria. Hennar teori er at når folk er flinke til å lese dyr og til å jobbe med dyr, vert dei også flinke til å samhandle med andre menneske.

På garden har dei rundt 30 oksar, fire hestar, 15 høns, 30 vaktelfuglar, fem kaninar, to undulatar, katt og hund.

– Dyra gir ei eiga meistring. Du kan leve svært lenge på ein time på hesteryggen, fordi du har meistra noko på eiga hand. Det er noko du tek med deg i fleire dagar og i fleire samtalar i ettertid. Det gir folk ei god kjensle. Det er noko du hugsar med glede, og som gjer at du kan meistre andre ting på andre nivå i livet, og i samhandling med andre menneske.

Og det handlar om meir enn berre dyra.

– Eg ønskjer å gi eit realistisk bilde av natur, gardsbruk og matkultur. Frå jord til bord, seier ho.

Ho dyrkar sine eigne grønnsaker, urter og bær, og prøver å halde fast på tradisjonane med safting, sylting og foredling.

– Det handlar om å ete rein og god mat.

Ein 9-16 jobb kan verke freistande. Når venene til Maria er ferdige med sin arbeidsdag, har dei fritid. Slik er det ikkje for henne. Ho må vere på heile tida. Nokre gonger er det tøft, men valet er tatt.

– Det er klart at det er hardt arbeid. Men eg har utan tvil valt den rette vegen for meg. Og på Bjørke er vi fleire som satsar. Vi gir kvarandre energi og motivasjon, og vi har eit godt sosialt miljø. Vi pratar business og venskap. Det har mykje å seie for trivselen. Saman er vi sterke!

Les saka i Møre-Nytt!

 Fjordingen Athos er eit av mange dyr Maria Nikkinen Rørstad bruker i læringa si. Foto: Janne-Marit M. Falch

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE