Nordmenn kan ikkje reservera seg mot valkampbrosjyrar. Partiprogram eller annan informasjon frå politiske parti blir ikkje omfatta av forbodet mot reklame.

NPK-NTB
NPK-NTB

Det gjeld også dei som har reservert seg mot reklame med oblat på postkassen eller ved inngangsdøra, ifølgje Forbrukarombodet.

Kva som blir rekna for uadressert reklame og gratis avis, er avhengig av innhaldet og avsendaren.

Dersom valinformasjonen inneheld reklame for kurs og seminar som kostar pengar, eller handlar om profilering av eventuelle samarbeidspartnarar, vil han kunna vera omfatta av forbodet i marknadsføringslova. Då pliktar partiet ifølgje Forbrukarombodet å respektera forbrukarane sin reservasjon mot uadressert reklame og gratis aviser. (©NPK)

LES SISTE NYTT OM LOKALVALET!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

Kommentarar

ANNONSE