Spellemannsnominerte med opprop mot Pepsi-sponsing
Artistar som girl in red, Kjartan Lauritzen, Dagny, Arif og Lars Vaular har signert kampanjen mot at Pepsico sponsar Spellemann, samstundes som dei er involvert i omdiskuterte israelske selskap.
Det spellemannsnominerte Oslo-bandet Hudkreft har kritisert Spellemannprisen for å bli sponsa av Pepsico, fordi selskapet har bindingar til selskap på okkupert palestinsk jord.
Kommersiell kritikk
I år har Spellemannprisen vald å ikkje senda på NRK, men har inngått eit kommersielt samarbeid med Amedia-eigde Nettavisen, TikTok og Pepsico.
– Me synest det er dumt at mykje av kritikken handlar om at Spellemann har blitt meir kommersiell, sjølv om me hadde likt det betre om det var på NRK. Det er ikkje like farleg for oss som Pepsi sitt forhold til Sodastream, Strauss Group og Sabra hummus, sa Hudkreft-bassist Johannes Granaas Danielsen (22) til Framtida.
Artistar som har signert underskriftskampanjen
girl in red
Dagny
Cezinando
Arif Murakami
Lars Vaular
Fay Wildhagen
Ingrid Olava
Stein Torleif Bjella
Ingebjørg Bratland
Isah
Beharie
Kjartan Lauritzen
B-Boy Myhre
Niilas
9 grader nord
Oddrun Lilja Jonsdottir
Lindstrøm
Maja Ratkje
Anja Lauvdal
Bendik Giske
Jouska
Tuvaband
Anne Hytta
Aden Foyer
Kudos
Ensemble Allegria
Julie Rekstad
Ole Kirkeng
Giddy Gang
Lise Davidsen
Gouldian Finch
Vetle Junker
Norma
Krissy Mary
Jonas Hamre
Fakethias
Sweetheart
Rambow
Mikrokosmos
Hudkreft
Sara Övinge
Signe Marie Rustad
Askjell Solstrand
Skaar
Det Norske Solistkor
Morten Gillebo
Oda Felicia
Marius Lien
Joakim Tinderbolt
Spurv
Hillari Alison Conlu
Synnøve Brøndbo Plassen
Ea Othilde
Kristine Tjøgersen
Carina Dahl
Sigrid Moldestad
Marius Neset
Amalie Stalheim
Bausa
Arve Henriksen
No har bandet saman med artisten Jouska initiert ein underskriftskampanje blant dei andre nominerte.
60 artistar og band har signert kampanjen. Blant desse er girl in red, Dagny, Cezinando, Arif Murakami, Lars Vaular, Fay Wildhagen, Ingrid Olava, Stein Torleif Bjella, Ingebjørg Bratland, Isah, Beharie, Kjartan Lauritzen og Skar. (Sjå alle som har signert i faktaboks).
Skuffa over Spellemann
Banda har sendt ut ein e-post til alle dei nominerte artistane dei fann kontaktinformasjon til. I ei pressemelding skriv dei at somme ikkje har svara, men at ingen har direkte avslått å signera. E-posten artistane har skrive under på lyder:
«Vi synes det er skuffende at Spellemann velger å starte sitt nye kapittel med PepsiCo som ny hovedsponsor. I 2018 kjøpte Pepsi det israelske selskapet Sodastream, et av BDS-bevegelsens mest sentrale boikottobjekter. De er også medeiere i et annet boikottobjekt på BDS sin liste, Sabra hummus. Vi håper at Spellemann revurderer valg av sponsor til neste år, og at vi kanskje kan bidra til det ved å si ifra som nominerte artister til årets pris.
Norsk musikkbransje kan ikke være en del av å legitimere selskaper som PepsiCo ved å la dem låne dem deres gode omdømme. Om du er enig, og ønsker å være med på å si ifra tydelig til Spellemann om dette, svar på denne meldingen med navn og e-post. Legg også gjerne til andre du kjenner som er nominerte (vi kjenner ikke så mange).»
Pepsico: – Uriktige påstandar
Pepsico svarar på kritikken i ein e-post med eit utsegn frå sin talsperson:
«Vi registrerer at det verserer påstandar om Pepsico og våre varemerke som er uriktige – og dei byggjer på feilinformasjon. Pepsico har drive verksemd i Midt-Austen i meir enn 70 år og har no titusenar av tilsette i regionen. Verken Pepsico eller varemerka til Pepsico er knytt til, eller støttar, noko statleg eller militær styresmakt i denne konflikten. Me er sterkt opptatt av tryggleiken og velværet til alle i desse lokalsamfunna, og er forferda over dei valdshandlingane og den lidinga som skjer der. Vi har gitt millionar til dei som lir i regionen, og vil halde fram å bidra.
Pepsico er eit globalt mat- og drikkekonsern som finst i 200 land og territorium, inkludert Noreg, og me er stolte av å vera ein del av kulturarrangement som fører folk saman.»