Det var ein hardare tone mellom Høgre og Arbeidarpartiet på 80-talet, seier Gro Harlem Brundtland.

NPK-NTB
NPK-NTB

«Kjeftesmella frå Bygdøy» og «Bli kvitt a'» var slagord høgresida hadde mot Brundtland då ho var statsministerkandidat.

– Det ville ein ikkje våga no, seier Brundtland.

«Bli kvitt a'» stod på bilane til folk. Og det illustrerte både at ein hatar Ap og ikkje vil ha ein kvinneleg statsminister, fortel den tidlegare statsministeren under ein debatt på AUF sin sommarleir på Utøya fredag.

QUIZ: Kva veit du om Arbeidarpartiet?

– Erna Solberg er ikkje utsett for slik kvinnediskriminering som i mi tid. Det eg gjekk gjennom, har hjelpt den neste kvinnelege statsministeren. Det er liten tvil om at det har blitt eit rolegare og meir balansert klima.

– Politikk skal ikkje vera ein skitten stad, seier Brundtland. (©NPK)

LES OGSÅ: Over 1000 påmeldte på AUF-leiren på Utøya

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE