Oljefag er ut – miljøfag in

Langt færre unge vil studera oljefag både ved NTNU og UiS.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

70 prosent færre unge søkte seg til petroleumsfag ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim, og om lag 50 prosent færre hadde desse faga som førstevalet ved Universitetet i Stavanger i år samanlikna med i fjor, melder Utdanningsnytt.no.

– Det har vore mykje i media om utfordringane i oljebransjen, og unge har fått med seg det som skjer. Dette er nok forklaringa på nedgangen, seier kommunikasjonsrådgjevar Susanna King ved Universitetet i Stavanger til nettstaden.

LES OGSÅ: Utdanning viktigare enn olje

Fleire vel miljøfag
– Me har opplevd ei omdreing, og mange unge søkjer seg i år til andre tekniske fag. Studiane Bygg, og Matematikk og fysikk har hatt ein enorm oppgang, seier King til Utdanningsnytt.no.

Blant anna har utdanninga Kjemi og miljø ein oppgang på 54 prosent.

Ved NTNU har mellom annan studiane Energi og miljø og Bygg- og miljøteknikk opplevd ein god auke i talet på søknader. Høgskolen i Oslo har opplevd ein auke på over 30 prosent for studiet Ingeniør, miljø og energi, ifølgje tal frå Samordna Opptak.

LES OGSÅ: Grøn utdanning i medvind