Å fjerne avgiftsfrådraget er ein del av strategien til regjeringa for å byggje ned flyplassane i distrikta, hevdar fylkesordførarar i vest.

NPK
NPK

– Ei svært uvennleg handling overfor Distrikts-Noreg, seier fylkesordførar Jon Aasen (Ap) i Møre og Romsdal til Nationen.

Han reagerer på at regjeringa vil fjerne botnfrådraget i startavgifta som Avinor krev inn av flyselskapa.

Også Widerøe og NHO Luftfart er kritiske til endringa, og meiner fjerninga kan gi høgare billettprisar eller dårlegare tilbod på dei kommersielle rutene, spesielt i distrikta.

I vår blei det vedteke at Oslo-ruta frå Ørsta-Volda lufthamn ikkje lenger er blant rutene som får tilskot frå staten, men blir kommersialisert og slik råka av endringa i flyavgifta.

Jon Aasen meiner avgiftsendringa er korttenkt, og trur det er ein del av planen til regjeringa om å overføre distriktsflyplassane til fylka.

– Det er ingen tvil om at Gardermoen er den viktigaste flyplassen i Noreg, men for tilstrøyminga av passasjerar til Oslo, er dei småflyplassane ekstremt viktige. Ei svekking av flytilbodet i distrikta vil også gå ut over dei store flyplassane, meiner han.

Aasen får støtte av fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes (Ap), som meiner større konkurranse mellom distriktsflyplassane kan slå uheldig ut. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE