Supertrendy med safting og sylting

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No er dette supertrendy

– Bøndene er definitivt komne til byen, konstaterer sosialantropolog Gunn-Helen Øye.

Trendforskaren seier at det spesielt er folk i byane som ønskjer å vere sjølvforsynte med gode frå naturen.

– Oslo har blitt ei byseter i sommar. Det skal vere mat frå grunnen, sjølvplukka sopp i skogen og grønt dyrka i parsellhagar. Det skal plukkast bær og frukt, og vi vil gjere det sjølve. Fenomenet er særleg populært blant unge hipsterar, framtidas stifinnarar, seier ho til NTB.

LES OGSÅ:Trendy matauk

Nytt og nyttig

Den nye IKEA-katalogen, som Øye kallar «nesten ein trendbibel», inneheld mykje nytt utstyr til safting og sylting og oppbevaring av heimelagde produkt.

– Vi har sett ein tendens: No handlar det meir om alle småtinga du treng, bruksgjenstandar til spesielle føremål, enn om pynt og nips, seier Øye.

Kommunikasjonssjef Jan Christian Thommesen hjå Ikea Norge opplever allereie stor interesse for serien Hemsmak – heimesmak:

– Det er mange fleire no enn før som er opptekne av dette, og langt frå berre dei som har hage og openberre moglegheiter til å dyrke og sanke. Det er nesten eit paradoks at dei som bur i byane, kanskje er dei som er mest opptekne av å finne berekraftige løysingar som dette. Men hugs at dei har miljøutfordringane med forureining tett på kroppen. Dei blir meir bevisste og ønskjer å gjere det dei kan, seier han.

LES OGSÅ:Margarin og alt det fæle i verda

Tørk ein sopp

Produkt til konservering av heimelaga mat er også blant salsvinnarane hjå konkurrenten Clas Ohlson.

– Akkurat no er det mykje som dreier seg om bær hjå oss. Produktsortimentet vårt er utvida. Interessa for å lage eigne sunne variantar av syltetøy, tørka frukt og liknande reflekterer seg i salstala, seier kommunikasjonsrådgjevar Camilla Tully hjå Clas Ohlson og viser fram ein sopp- og frukttørkar:

– Dette trur eg kanskje ikkje er eit produkt vi hadde satsa på for nokre år sidan. No sel det veldig bra.

Ho peikar også på at produkta for lagring, som glas, krukker og flasker, er dekorative.

– Dette er heilt klart noko som skal stå framme eller som skal kunne bli gitt bort og delast.

Ikkje åleine

For folk som har levd ei stund, er det mykje i den nye bølgja som minner om 70-talet, blant anna fellesskapsløysingar.

Og Gunn-Helen Øye trekkjer fram ein annan, fersk trend som heng tett saman med populariteten til heimeprodusert mat:

– Vi lovprisar ikkje lenger «meg», no er det «vi». Her har kinfolkrørsla lenge gått føre, med sine livsstilsmagasin og blant anna matkultur.

Kinfolk oppstod i 2011, ifølgje D2, som eit resultat av ringverknadane etter finanskrisa i 2008: Urbane menneske med medvit rundt redusert forbruk, eigendyrka mat, handverk, berekraft og balanse mellom jobb og fritid.

– Verdiane, gjeremåla og interiøret, alt blir samla i éin totalitet og eitt univers. Du skal ikkje stå aleine på eit kjøkken og safte og sylte til deg sjølv. Du skal ha eit fellesskap med familie og venner, der det blir delt. Det er artig å sjå korleis IKEA-katalogen begynner å likne på Kinfolk Magazine, seier Øye. (©NPK)

LES SISTE MATNYTT HER!